Biblioteka får stadig mindre del av pengane som blir brukt på kultur rundt om i kommunane, viser undersøking.

NPK
NPK

Sidan 2001 har biblioteka fått 33 prosent mindre del av det totale kulturbudsjettet i kommunane, viser ei kartlegging Norsk bibliotekforeining har gjennomført og som er omtalt i det nyaste nummeret av Bok og bibliotek, fortel Vårt Land.

LES OGSÅ: Folkebiblioteka mest populære

Færre tilsette
Ein konsekvens av dette er at ein femtedel av dei tilsette har blitt borte frå biblioteka.

– Driftsbudsjettet til biblioteka i faste kroner har vore omtrent konstant. Men sidan realløna har gått opp, betyr det i praksis at pengane biblioteka har til rådvelde har blitt færre, seier Tord Høvik som har utført undersøkinga.

Han arbeidde tidlegare som førsteamanuensis ved bibliotekutdanninga på Høgskolen i Oslo. Som pensjonist har han brukt tal frå Kostra-databasen til Statistisk sentralbyrå og samanlikna kulturbudsjettet i alle kommunane i landet, fortel avisa.

Høvik meiner undersøkinga viser at kulturløftet ikkje har fungert for biblioteka, og at kommunane har valt å satsa på andre ting.

LES OGSÅ: – Avgjerande tiår for folkebiblioteka

Krev mobilisering
Leiaren i Norsk bibliotekforeining, Mariann Schjeide, oppmodar no biblioteksjefar og bibliotekarar til å synleggjera biblioteka i valkampen.

– Kvifor ikkje leggja lokale debattar til biblioteket? Biblioteket må vera ein plass der det skjer. Det er på tide at biblioteka gjer seg uunnverlege. Vi kan ikkje sitja på gjerdet lenger. No må vi bruka utestemma, seier ho. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.02

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE