Set dei yngste på topp

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Set dei erfarne på botnen

– Me har ei stor ung befolkning i kommunen, men eg føler ikkje at kommunestyret speglar det. Dette er vår måte å visa at dei unge må fram, seier Roar Lima Grødeland, Klepp Senterparti sin ordførarkandidat.

LES OGSÅ: Skulle ønska leire unge engasjerte seg i politikken

Dei yngste øvst
Klepp Senterparti har valt ein ny vri på årets nominasjonsliste, framfor alfabetisk rangering har dei valt å setja dei yngste kandidatane øvst. Dette er med unnatak av den 32 år gamle ordførarkandidaten og nokre små avvik nedover lista.

Verken ordførarkandidaten eller leiar i Senterungdommen Erling Laugsand kjenner til andre parti som har sett opp nominasjonslista etter alder.

I dag er Grødeland ein av dei yngste i kommunestyret i Klepp, og vil gjerne få med seg fleire.

Han har sjølv vore valt inn i kommunestyret i jærkommunen Gjesdal, men måtte ta permisjon då han etablerte seg i Klepp. Han meiner at argumentet om ein mindre stabil livssituasjon absolutt ikkje er nokon grunn til å ikkje sleppa ungdommen til.

Eldre i kommunestyret
Men vil eit slikt listestunt sikra fleire unge i kommunestyret?

Ifølgje valforskar Jacob Aars er det ein klar samanheng mellom å stå øvst på lista og bli valt inn i kommunestyret. 

Likevel forklarar han til Tysnesbladet at fleire av dei eldste som står nedst på lista, kan rekna med å bli valt fordi folk kjenner dei.

Aars meiner det er eit ideal at den folkevalde forsamlinga skal vera eit slags tverssnitt av folka i kommunen.

– Det er bra at listene så og sei er eit snitt av folket, men me kan ikkje ha over tjue prosent eldre i kommunestyret. Dei har ein tendens til å vera meir opptekne av korleis det har vore, enn korleis framtida skal bli, seier han til Tysnesbladet.

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune?

Nye perspektiv
På andreplass på lista står Susanne Leeanne Horpestad (20), som melde seg inn i partiet for kring eitt år sida og vart oppmoda om å stilla til val.

– Eg var litt skeptisk til å byrja med, spesielt sidan eg skal byrja på skule til neste år tenkte eg at eg kom til å hamna litt lenger nede på lista. Det er ganske spenstig gjort, for det er mange med mykje meir erfaring enn meg lenger nede på lista, seier Horpeland, som meiner at fordelen med unge kandidatar er at ein får fram ein heil haug nye meiningar.  

I dag jobbar ho som ringevikar i barnehage før det vert anten sjukepleie- eller førskulelærarstudiar til hausten.

Sjølv brenn ho særleg for den psykiske helsa til barn og unge.

– Det vert meir og meir vanleg å ha psykiske lidingar. Eg vil styrka tilbodet for born og unge, slik at det vert lettare å vere ung. Det må bli lågare terskel inn for å snakka med nokon. I dag er det ikkje lett å gå inn til helsesyster innerst i gangen, når alle ser og spør kva du har gjort der. Lista må litt ned, og me må auka tilbodet slik at ein kan få meir enn to timar annakvar tysdag, seier Horpestad, som trur det kan vere viktig å snakka med nokon før problema eskalerer.

20-åringen trur ein del veljarar kan vere skeptiske til ho på grunn av alderen, men at nokon likevel kan ha tiltru til at partiet hennar har gjort eit godt val med å setja ho høgt oppe. Om ho ikkje kjem inn i kommunestret denne gongen, stiller ho gjerne opp igjen.

Senterpartipolitikaren meiner at snittalderen i norske kommunestyrer må senkast, men ikkje dramatisk.

– Ein klarer ikkje få fram heile perspektivet på ei sak utan at alle aldersgrupper er representert, meiner Horpestad.

LES OGSÅ: 16-åringane skal stemma i Eid

Lærerikt verv
Òg ordførarkandidat Lima Grødeland meiner både dei unge og gamle må med i styret av kommunen.

– Me treng å ha med alle i befolkninga, spesielt dei unge som skal vera med å forma samfunnet. I min fyrste periode var det mykje læring om korleis ein kommune fungerer. Eg trur dei unge må vera med for å sjå heilskapen i det, til dømes kvifor ein av og til må nedprioritere noko, avsluttar jærbonden, som har stor tiltru til at ungdommen kan koma med nye innfallsvinklar på gamle utfordringar.

Partiet hans har mellom anna småskular og vern av matjord på Jæren som hovudsakar i årets valkamp.

Til hausten satsar Grødeland på å få fleire enn dagens tre Senterpartikandidatar inn i kommunestyret – og gjerne nokre yngre enn seg sjølv.

LES OGSÅ: Anri (20) vil bli ordførar