Ap vil ha lovpålagt ungdomsråd

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det vert sagt at ungdom må ville vere med, men eg trur ikkje det er mangel på lyst. Det er ei demokratisk utfordring at for mange kjennest terskelen for å delta høg, meiner nestleiar i AUF Emilie Bersaas.

LES OGSÅ: Krev ungdomsråd i alle kommunar 

Varierande praksis
Arbeidarpartiets Ungdomsfylking har engasjert seg sterkt i saka for lovpålagte ungdomsråd og gler seg over nyheita om at moderpartiet vil fremja representantforslag i Stortinget i morgon.

Denne nyheita kunne stortingsrepresentant Magne Rommetveit avsløra frå talarstolen under Framtida.no og Høgskulen Stord/Haugesund sin nasjonale konferanse om ungdom, valdeltaking og medverknad.

Det er ikkje fyrste gong ei slik ordning er oppe til diskusjon.

Fleirtalet av norske kommunar ungdomsråd, men praksisen og aktiviteten varierer frå kommune til kommune.

I 2010 svara 62 av 430 kommunar at dei ikkje hadde ungdomsråd, medan 80 kommunar ikkje svara på undersøkinga.

Berre 16 prosent av kommunane svara at dei i stor grad lytta til ungdom, ifølgje ein rapport frå Norsk institutt for by- og regionforsking.

LES OGSÅ: Kvifor ikkje regionalt ungdomsråd? 

Magne Rommetveit
Stortingsrepresentant Magne Rommetveit vonar Arbeidarpartiet får gjennomslag for lovpålagt ungdomsråd.

Samansveisa ungdomsråd
Rommetveit vonar at ei lovpålagt ordning vil sikra kontinuitet i ordninga

– Dette er viktig for å sikra at ordninga ikkje berre vert person- og situasjonsbestemt. Ofte vert ungdommane ein samansveisa gjeng som heng i hop, når desse forsvinn vidare er det tungt om ein må dra i gang alt på nytt, forklarar Rommetveit, som har erfaring med å samarbeida med ungdomsråd frå Stord, der han tidlegare har vore ordførar.

Han meiner det er viktig at ungdomsrådet ikkje er jamaldrande frå same klikk, men at aldersspennet heller ikkje bør vera for stort.

Forslaget om lovpålagtungdomsråd er inspirert av eldrerådet, som kommunar er pålagt å ha. Desse uttalar seg i mange politiske saker – òg dei som ikkje er direkte knytt til eldrepolitikk.

Rommetveit vil at ungdomsrådet skal verte ein naturleg høyringsinstans på same måte som dei eldre.  

LES OGSÅ: Fleire kommunar utan ungdomsråd 

Ny ungdomsvår
Leiar i Senterungdommen Erling Laugsand er positiv til meir ungdomsmedverknad, men er ikkje sikker på om eit lovpålegg er riktig veg å gå.

I Arbeidarpartiet er det delte meiningar om forslaget, nokon sukkar over enno eit utval og meir byråkrati. Andre jublar.

AUF-nestleiar Bersaas meiner det må strukturelle endringar til for å sikra at ungdom vert høyrt, og trur at lovpålagt ungdomsråd i kommunane kan vere ei løysing som vil kvalitetssikre ordninga og sikra kontinuitet.

I heimbyen Haugesund der ho no har permisjon frå sin plass i kommunestyret fekk dei ikkje ungdomsråd før hausten 2011, som starta sitt virke vinteren 2012.

– Det er framleis litt slik at ein klappar i hendene og seier så bra at de engasjerer dykk, så et store spørsmålet er korleis ein kan sikre medverknad.  Ungdomsråda må ha alle dei same rettane som eldrerådet har. Det er ingen forskjell om du er 18 eller 70 år, seier Bersaas.