Å kjempe for ei halvgod sak

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter den store EAT-konferansen med Gunhild Stordalen og Mette-Marit og Erna Solberg og alle dei andre, har det komme litt kritikk. Det har det. Ikkje uventa. Og då kan det kanskje vere lett å tenke at det er umulig å engasjere seg for noko utan å bli møtt med kritikk. Men det er ikkje sant. Det er fullt mulig å engasjere seg utan å få kritikk for det. Det er berre nokre få ting du må huske på.

LES OGSÅ: EAT og landbruket lanserer klimasamarbeid

For det første:

Du bør ikkje engasjere deg i noko som er populært akkurat no. Då blir du lett skulda for å kaste deg på ein trend. Viss du for eksempel lever i ei tid då ganske mange er opptatte av å leve sunt og ete kortreist mat og vere miljøvennlige og trene og sjå bra ut, då bør du ikkje engasjere deg for noko som er sunt og kortreist og miljøvennlig. Og du bør ikkje trene. Og du bør ikkje sjå bra ut.

Men så lenge du er utrent og ikkje ser ut i måneskin og ikkje er opptatt av det andre folk er opptatte av, då har du framleis ein sjanse.

Men det er sjølvsagt ikkje nok.

Det er også viktig å ikkje vere kjent. Det forstår du nok sjølv. Då blir engasjementet ditt fort berre kalla eit kjendisstunt. Og du kan heller ikkje kjenne nokon som er kjente. Aller best er det dessutan om det ikkje er nokon kjente menneske som meiner det same som du meiner.

Men så lenge du engasjerer deg i noko som absolutt ingen andre er interesserte i, og som sannsynligvis ikkje er spesielt viktig, og så lenge du ikkje ser ut, og så lenge du er fullstendig ukjent og ikkje kjenner nokon som er kjente, då har du framleis ein sjanse.

Men det er ikkje nok, sjølvsagt. Det er ikkje nok å ikkje vere kjent og ikkje kjenne kjente. Helst bør du ikkje kjenne nokon i det heile tatt. Elles blir du lett kritisert for å ha eit mektig nettverk. Eller eit nettverk som ikkje er mektig, det kan vere ille nok det.

Men så lenge du er vennelaus og utrent og ikkje ser ut og ikkje er opptatt av noko viktig, då har du ein sjanse.

LES OGSÅ: Det er ingen som tenker på oss!

Men det beste er sjølvsagt å ikkje vere opptatt av noko som helst. Viss du er opptatt av noko, så kan det lett bli sånn at folk kritiserer deg for at du trur du er viktig.

Og så er det nokre ting til, sjølvsagt:

Du bør ikkje ha vore sjuk. Det ser lett ut som eit triks for å få sympati. Du bør ikkje ha vore frisk heile tida heller, for då verkar du berre perfekt, og det liker ikkje folk. Ikkje i det heile tatt.

Men altså: Så lenge du ikkje ser ut og ikkje trener og ikkje er frisk og ikkje er sjuk og aldri har vore frisk aldri har vore sjuk og ikkje er kjent og ikkje kjenner nokon og ikkje er opptatt av noko, då er det fritt fram.

Eller, fritt fram er det sjølvsagt ikkje. Det er aldri fritt fram. Og det bør det heller ikkje vere. Folk liker ikkje sånne som har komme lett til ting, sånne som berre glir gjennom livet, utan motstand. Så fritt fram må du passe deg for. Men halvfritt fram, det er greitt. Eller halvgreitt. Eller kvartgreitt.

Og det får vere nok.

Test deg sjølv: Kor berekraftig er du?