– Språket er det viktigaste verktøyet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg elskar å spela

– Eg er veldig, veldig glad og stolt, seier Stein Torleif Bjella.

Artisten og låtskrivaren frå Ål i Hallingdal er heidra med «Pris for god offentleg målbruk» av Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
Prisen på 50.000 kroner vert delt ut annakvart år, og vart delt ut under organisasjonen sitt Landsting på Gol i Hallingdal fredag av sjølvaste Finn Tokvam.
Juryen framhevar at prisvinnaren viser på ein overtydande måte kor nær hans eigen dialekt heng saman med skriftspråket nynorsk, og at han bruker denne samanhengen til å skapa språklege nyvinningar.

– Eg syng på hallingmål. Tekstane mine skriv eg på dialekten min, med min eigen norm. Eg skriv slik eg pratar, seier Stein Torleif Bjella frå ein sofa på Per´s Hotell.

– Språket er det viktigaste verktøyet mitt når eg skriv og lagar songar.Tekstane er like viktige som melodiane.

Når han sender inn papira til TONO, organisasjonen som passar på opphavsrettane til komponistane, så har han bestemt at tekstane tel like mykje som melodiane. Det er det visst opp til dei sjølv å bestemma.

– Korleis er det du skriv? Byrjar du med tekst eller melodi?

– Eg sit med gitaren og skriv tekst og lagar melodi samstundes.

– Kvar er du, då?

– Det er over alt. Det er gjerne berre fem minuttar der og der. Eg lagar songar helst på morgonsida når skallen er klar og rein.

Med ungar i hus, må han nytte tida når ho er der.

Skremt på møte
– Kva forhold har du til nynorsken?

– Eg skreiv bokmål på skulen. Far min var bokmålsbrukar. Ein gong i ungdommen var eg på møte med Målungdommen, men då vart eg skremt, fortel han.

Men i 2.klasse på vidaregåande skjedde det noko. Han skifta over til nynorsk.

– Eg hugsar ikkje kva som gjorde det. Eg berre byrja.

– For oss hallingar ligg det veldig lett å skriva nynorsk. Då kan me skriva som me snakkar.

Stein Torleif Bjella har òg ei fortid som skrivande journalist i den prisvinnande nynorskavisa Hallingdølen. Men no er han musikar for fullt.

Walking on Sundre
Sjølv byrja han å spela då han fekk seg gitar etter konfirmasjonen. Han skreiv songar på både engelsk og halling. Fjellfinn og Walking on Sundre er nokon av songane han hugsar.

Etter kvart blei han med i band, og spelte bass. Med bandet 12 volt blei han A-lista på radioen og spelte mange stader. I 2009, då han var 39 år, gav han ut soloplata Heidersmenn. Ei plate som både blei kritikarrosa og gav han mykje åtgaum.

Sidan har det blitt to plater til; Vonde visu i 2011 og Heim for å døy i 2013.

QUIZ: Kan du svalla halling?

Ny plate
Dei siste åra har det vore mykje reising og konsertar og mindre tid til å skriva.

– Det er først no eg har fått tid til å skriva, seier han. Ny plate håpar han det blir neste år. I sambandet med Landstinget på Per´s Hotell spela han ein av dei nye songane; om romantikk på nettopp Per´s Hotell.

I sommar blir det speling på Ekstremsportveko på Voss, Piknik i Parken i Oslo, Ranglerock og nokre få andre stader.

– Eg elskar å spela for folk, seier Bjella, og trur det har noko med samspelet og kontakten med publikum.

Ei stund lurte han på om han kom til å bli lei av spela dei same songane om igjen, men det gjer han ikkje. Han vegrar seg ikkje når publikum gaular etter «Tiger på Sundre».

– Eg står for det eg har gjort, og står inne for songane eg har laga.

Les fleire musikk-saker her!

Faktaboks

STEIN TORLEIF BJELLA

• låtskrivar og musikar (vokal og gitar) frå Ål kommune i Hallingdal
• busett i Øvre Ål
• fødd 7. april 1968
• debuterte som soloartist i 2009 med vise/country-albumet «Heidersmenn» på Oh Yeah!. Albumet vart produsert av Kjartan Kristiansen og under innspelinga bidrog musikarar som Geir Sundstøl og Lars Håvard Haugen. For albumet vart han nominert til Spellemannprisen 2009 i klassene viser og tekstforfattar.
• er i tillegg vokalist, gitarist og låtskrivar i poprock-bandet Tolv Volt (1996-) som har gitt ut albuma Auraspray (1999) og Kalas (2003). I februar 2011 kom han ut med albumet «Vonde visu», som han vann Spellemannprisen 2011 for i kategorien viser.
• For albumet «Heim for å døy» (2013) vann han Edvard-prisen i klassen tekst til musikk.

Frå grunngjevinga til juryen:

«Årets prisvinnar er ein original ordkunstnar. Ein person som på ein særmerkt og svært personleg måte viser korleis det nynorske språket kan brukast til å skapa fleirtydige tekstar. Underfundige tekstar som ofte tek utgangspunkt i kvardagslege situasjonar. Dei har gjerne ein humoristisk tone på overflata, men som regel rommar dei så mykje, mykje meir.
Prisvinnaren viser på ein overtydande måte kor nær hans eigen dialekt heng saman med skriftspråket nynorsk, og han bruker denne samanhengen til å skapa språklege nyvinningar. Kritikarar har hevda at tekstane hans er på same nivå som Kjell Askildsen og Tor Jonsson sine tekstar. Andre har samanlikna han med Alf Prøysen og Tom Waits.
Publikum og kritikarar vart for alvor kjend med Stein Torleif Bjella i 2009. Alt han har gitt ut etter den tid, alle dei småskakke sogene hans, heng på ein merkeleg måte saman. Han har skapt sitt eige rom både som tekstforfattar og musikar.»