Etter litt om og men blir det frå august hurtigtog mellom Oslo og Stockholm. Reisetida blir kutta frå 6 til 4,5 timar.

NPK-NTB
NPK-NTB

 Det svenske jernbaneselskapet SJ la tidlegare denne veka prosjektet på is fordi Jernbaneverket skulle driva vedlikehald på norsk side av grensa. Fredag kunne derimot samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og direktør Elisabeth Enger i Jernbaneverket opplyse at dette arbeidet blir utsett i to år.

– Vi er glade for at hurtigtogstilbodet mellom Oslo og Stockholm no er på plass. Faren for utsetjing av tilbodet er dermed borte. Vi har hatt gode og konstruktive samtalar med Jernbaneverket, SJ og svenske Näringsdepartementet for å finna ei løysing i ein krevjande situasjon, seier samferdselsministeren i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Vil sjå på gratis buss og tog 

Tre daglege avgongar
Det blir i første omgang tre daglege avgangar mellom Oslo og Stockholm, og SJ brukar den raskaste togtypen sin, X2000, på strekninga. (©NPK)

SJs X2000-toga fotografert på Oslo S i 2002, sist togtypen blei sett inn mellom Oslo og Stockholm.

LES OGSÅ: Kina vil byggja lyntog i Norden 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE