Kva er framtida til norsk film?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje Gunnar Iversen i boka «Den norske filmbølgen», var gullalderen til norsk film i slutten av 50-talet og i byrjinga av 60-talet, men den nådde botnen i 1980 under filmfestivalen i Skien. Denne «filmkrisa» fekk namnet «Septembermordet» på grunn av den massive kritikken frå filmkritikarane. 1985 er året som blir rekna som vasskiljet i norsk film, då «Orions Belte» kom på kino og Amandaprisen vart oppretta.

LES OGSÅ: Dansk-norsk fantasy går Harry Potter i næringa

Mot norsktoppen
I 2008 kom storsukessen «Max Manus» som drog «heile» Noreg til kinosalane. Dette kan vere mykje på grunn av oppbygginga til filmen. «Max Manus» følgjer den typiske Hollywood-modellen med eit anslag, presentasjon av karakterane, oppbygging, klimaks og avslutting. Denne dramaturgien er ein så normal oppbygging av ein film at tilskodaren ikkje blir overraska over endinga på filmen.

Som tilskodar klarar ein å danne seg hypotesar gjennom filmen ved hjelp av korleis filmen er oppbygd. Hollywood-modellen er svært vanleg i amerikanske filmar og har vorte meir vanleg i norsk film.

Norsk film brukar ofte å utforske og eksperimentere når det kjem til oppbygging av film, og det kan difor vere lett å definere desse som kunstfilm. Men kvifor toppar ikkje dei norske filmane lista over mest besøkte på kino? Er ikkje dei like underhaldande som dei amerikanske? Er dei for seriøse eller er det mangel på seriøsitet?

LES OGSÅ: Knallstart for «Jul i Flåklypa»

Frå Noreg til Hollywood
Per dags dato har vi fleire norske skodespelarar innan Hollywood-verda, mellom anna Aksel Hennie, Kristoffer Hivju og Ingrid Bolsø Berdal. Kristoffer Joner har óg kome med i klubben og held på å spele inn ein film saman med sjølvaste Leonardo DiCaprio. Kan suksessen til desse skodespelarane vere med på å støtte opp norsk film, eller vil det gjere at fleire skodespelarar rømmer utanlands?

«Louder Than Bombs» av Joacim Trier var i år den fyrste norske filmen på femten år som var med i hovudkonkurransen i Cannes. Det er òg forventa stor suksess med dei komande norske filmane «Bølgen» og «Birkebeinerene» som kjem på kino i august og i februar. Fredag 29. mai offentleggjorde regjeringa filmmeldinga som omhandlar deira mål for filmkulturen i framtida. Måla handlar mellom anna om å kunne tilby eit bredt og variert filmtilbod av høg kvalitet, solid publikumsoppslutting og ein filmbransje med sunn økonomi. Kanskje vi er på rett veg når det gjeld norsk film?