Dag Jørund Lønning er einaste inviterte norske innleiar på ein av dei viktigaste verdskongressane for bærekraftig utvikling på mange år. Han har ei kontroversiell melding: – Berekraft må skapast nedanfrå.

mm

Konferansen samlar meir enn 1000 innleiarar frå 30 land over heile verda. Blant desse finst verdsnamn som Vandana Shiva frå India, Sheri Liao frå Kina og Bill McKibben frå USA.

Dette skal vera den største tverrfaglege samling nokosinne om bærekraft og alternative framtidsmodellar, og mange tusen deltakarar er venta til universitetsbyen Claremont, ein times køyretur frå Los Angeles. Arrangørane – ei lang rekke universitet, forskingsinstitutt og miljøorganisasjonar frå fleire land – kallar arrangementet «one of the most ambitious conferences ever held on behalf of the planet».

LES OGSÅ: Må alle bli vegetarianarar?

– Kontroversielt
Rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning, trur han har ei kontroversiell melding å koma med til konferansen.

Han er invitert for å innleia om utviklingsretta arbeid rundt menneskeleg skaparkraft, og kreativitet, nyskaping og lokal samfunnsutvikling i Noreg. Ein eigen to timars sesjon vil deretter drøfta Lønning sitt bidrag. Ein av kommentatorane her blir Wes Jackson, stiftar og leiar av The Land Institute og kalla «ein av dei 100 viktigaste amerikanarane i det tjuande århundret» av Life Magazine.

– Hovudbodskapen min er at ein må leggja til rette for at kvart menneske skal vera ein utviklar som ikkje står å ser på, men som deltar i utviklinga.

Han er spent på mottakinga, og trur dette kan vera eit kontroversiell tilnærming, samanlikna med til dømes ei kinesisk tilnærming.

– Menneskeleg deltaking kan vera kontroversielt i Noreg òg, seier han og forklarer:

– Me har representative system der ein blir vant til at ein blir skapt for og at ein ikkje skaper sjølv.

QUIZ: Ta den store klimaquizen!

Robust deltaking?
Dag Jørund Lønning meiner ein ofte gløymer dette i debatten om kommunereforma.

– Bodskapen er den same. Ein snakkar om effektivitet og robuste kommunar, men det ser ut til at ein gløymer at alle bur i eit lokalsamfunn og ein gløymer at alle fellesskap må skapast nedanfrå.

Sentralisering og urbanisering skjer over heile verda, og gjer at folk bur på mindre område, noko som kan gjera at ein sparer energi og landareal.

Men det er ikkje sikkert at det gjer folk meir berekraftige.

– Ein er ikkje god nok på skapa fellesskap i byane, seier Dag Jørund Lønning. Han viser til den kjende tyske sosiologen Ferdinand Tönnies sine to typar av sosiale fellesskap for å visa kva han meiner kan gå tapt når ein ikkje legg til rette for at kvar enkelt får delta med sine ressursar: Gemeinschaft viser til ein type fellesskap basert på kjensler av å høyre til einannan. Banda mellom dei enkelte er meint å vidareførast, å oppretthalde gruppa er eit hovudmål for den enkelte medlem. Nemninga Gesellschaft viser til samfunnsgrupper som held saman så lenge dei er ein tenleg reiskap for å oppnå bestemte, omforeinte målsettingar for den enkelte medlem.

LES OGSÅ:Berekraft skal erstatta tusenårsmåla

Frå «eg» til «me»
Enkelte kommunar har vedtatt at dei skal vera berekraftige. I 1998 vedtok Stord kommunestyre at kommunen skulle vera berekraftig innan 2015.

Professoren trur ikkje det er mogleg å vedta berekraft. Det er også vanskeleg å måla.

– Berekraft handlar om menneske. Skal ein lukkast må ein få fram at dette handlar om meg. Ein får ikkje berekraft før ein kjem ned på dette nivået.

– Løysingar som blir trødd ned over hovudet på folk er ikkje ei berekraftig løysing. Då får ein ofte motstand.

Og når avstanden mellom makta og folk aukar, skaper det grobotn for populisme.

Lønning meiner ein må byggja langt fleire arenaer der folk kan delta saman med andre. Når det gjeld deltakande demokrati ligg Noreg langt etter mange land, ifølgje professoren.

– Det kan til dømes vera å invitera folk til å vera med på å bestemma korleis pengane skal brukast. Porto Alegre er ein brasiliansk by med 1,5 millionar innbyggjarar som er kjent for deltakande demokrati. Her deltek til ei kvar tid 150.000 av innbyggjarane på ein eller annan måte i styringa av byen. Resultatet er at dei sanitære forholda og analfabetismen har betre langt meir enn mange andre byar i Brasil.

Sjølv om det ikkje er tradisjon for deltakande demokrati i Noreg, så er det opning for det i plan- og bygningslova, ifølgje Dag Jørund Lønning.

– Der står det at det skal leggjast til rette for deltaking når det gjeld reguleringsplanar.

Han meiner det er viktig å koma frå «eg meiner» til «me meiner», og meiner det må leggjast til rette for at fleire skal få ansvar.

– Det er ein veldig tett samanheng mellom å få ansvar og ta ansvar, understrekar Lønning.

Gler seg
Lønning ser veldig fram til konferansen som byrjar i dag, torsdag:

– Det er sjølvsagt stas å bli invitert inn i dette selskapet, og det blir svært spennande å drøfta eigne perspektiv, funn og idear med nokre av dei fremste tenkjarar i verda. Det kriblar rett og slett. Konferansen har som mål å kunna utvikla nye globale verktøy og visjonar for ei meir berekraftig framtid. Det er ein av dei viktigaste fagkonferansar i verda på mange år. Å få vera med på dette er ei stor ære og eit stort ansvar.  

Konferansen «Seizing an Alternative» ønskjer å medverka til den globale debatten, men set også fokus på kva bærekraft betyr nasjonalt og lokalt. Bidraga frå konferansen skal utgjevast som ein serie faglege og populærvitskaplege publikasjonar.

QUIZ:Kor berekraftig er du?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE