Atle Hansen er nominert til Bokslukarprisen for andre året på rad. Han skjemst ikkje av å skriva spenningsbøker, og saknar meir underhaldning på nynorsk.

mm

– Ein gong for lenge sidan, på syttitalet, budde eg i eit stort gammalt hus, som var bygd av ein skipsreiar tidleg på 1900-talet. Det var mange rare lydar i huset og store og ganske nifse rom. Ei natt stod det ein mann i uniform inne på rommet mitt. Han såg på meg og sa: «Eg er kapteinen. Det er eg som bur her.» Så vart han borte. Eg drøymde det sikkert, men eg har aldri gløymt det. I mange år har eg tenkt å bruka dette i ei bok. No har eg gjort det.

Den ferske boka til Atle Hansen heiter Svartedalen.

Test deg sjølv: Kven skreiv boka?

Svartedalen
Forfattaren vil ikkje ut i avisa med kvar kapteinshuset i boka er i røyndomen, men stadfestar at det byggjer på eit verkeleg hus. Han synest det hadde vore moro viss nokon andre kan fortelja om liknande opplevingar.

– Eg trur ikkje på spøkjelse, og dette er ikkje noko spøkjelsesbok. Det er heller ein fabel om underjordiske, om tussar.

I boka følgjer me ein gut som oppdagar fleire løyndommar både i sommarhuset han bur i, og i Svartedalen ikkje langt frå.

Namnet på boka har han frå ei adresse på Heiane på Stord: Svartedalen.

Landskapet han skildrar kan vera mange stader på Vestlandet. For han sjølv minner det om landskapet han vaks opp i, i Grindheimsvågen på Moster, med den nedlagde butikken og kaien som stader som kan gå igjen.

LES OGSÅ: Her er dei ti beste forfattarane under 35 år

Veit aldri kvar historia fer
– Når eg skriv bøker, så byrjar eg alltid ein stad, ein person eller ein situasjon som eg diktar vidare på.

Kvar historia tar vegen, veit han ikkje før han byrjar å skriva.

– No har eg jo litt greie på korleis ein byggjer opp dramatikk. Men det blir for kjedeleg å laga skjema over historia på førehand, sjølv om det kan vera meir effektivt når ein skriv.

Han nemner den kjende japanske diktaren Murakami som skriv medan historia kjem til han etter kvart. Utan samanlikning, for øvrig, er han snar med å understreka.

– Eg prøver å skriva bøker, og så blir dei spenningsbøker. Eg har lyst til å skriva spennande og underhaldande og samtidig best mogeleg. Det er inga skam å skriva spennings- og underhaldningsbøker.

Alle dei siste tre-fire bøkene hans har vore spennande og underhaldande bøker for born frå 11-12-årsalderen og opp.

Bokslukar
Atle Hansen er glad for å ha blitt nominert til Bokslukarprisen i år også.

– Det som er kjekt med det er at 20-30.000 sjetteklassingar blir presentert for boka. Det er fantastisk marknadsføring som eg aldri hadde hatt råd til å betala for.

– Og så er det kjekt at det er nokon som steller med litteratur som ha lese boka og har likt ho, legg han til.

– Kva bøker las du då du var ung?

– Eg las vel Morgan Kane. Elles byrja eg tidleg å lesa moderne dikt, av blant ana Jan Erik Vold. Det syntest eg var kjekt! Elles var det bøkene til Jack London og reiseskildringar. Eg las det eg kom over og var ofte innom biblioteket.

Utan datostempel
– Kan du seia noko om kva litteratur som held seg over tid? Tenkjer du på det som forfattar?

– Eg reknar med at eg gløymt om nokre år, men eg veit at nokre av dei første bøkene mine enno blir brukt, seier Hansen beskjedent.

I år er det 18 år sidan debuten hans Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill.

– Eg tenkjer at dei bøkene som held seg lengst er dei som ikkje er knyta til samtida og samtidsproblem. Filmar og bøker frå 70- og 80-talet kan jo vera direkte uleselege på grunn av dette.

Atle Hansen prøver å mellom anna å styra unna korleis folk ser ut, og kva musikk dei høyrer på. Språket han nyttar er normert.

– Ungdommens sitt språk utviklar seg heile tida. Eg synest det kan vera pinleg når folk gjer seg til med eit liksom-ungdomsspråk.

– Sosialrealismen har overlevd i ungdomsbøkene
Med Svartedalen går Atle Hansen inn i myteverda når han skriv om underjordiske.

– Eg blandar sogestoff inn i den moderne kvardagen.

Rein fantasy er det likevel ikkje.

– I fabellitteraturen er det som oftast for mykje av det meste. Neil Gaiman er derimot ein eg er veldig begeistra for. Han pøsar ikkje på med effektar. Han skriv enkelt og greitt om creepy ting.

– Det viktigaste for meg når eg skriv, er at eg skriv bøker som folk vil lesa. At dei skal synast det er kjekt å lesa. Då eg las bøker i ungdommen, var litteraturen fluktruta ut av kvardagen. Ein treng nokre pusterom. Då er det heilt greitt at ein kan sleppa å lesa om problem.

– Sosialrealismen frå 70-talet har overlevd i ungdomslitteraturen. Velfungerande familiar finst knapt.

Med lang fartstid i Norske barne- og ungdomsbokforfatteres litterære råd har han lese mange ungdomsbøker opp gjennom åra.

– Ei veldig elendigheitsskildring, slår Atle Hansen fast – anten det er snakka om dystopiar eller hard sosialrealisme.

LES OGSÅ:Flykte til det ukjende

– Ikkje for spesielt interesserte

Atle Hansen er òg opptatt av det skal vera lett tilgjengeleg litteratur på nynorsk.

– Eg er veldig opptatt av det skal finnast gode ungdomsbøker for alle aldersgrupper. Det har vore veldig lite for mellomsteget i skulen.

Og bøkene treng ikkje vera kunst:

– Eg saknar fleire reine underhaldningsbøker på nynorsk. Me kan ikkje enda opp med at nynorsken er for spesielt interesserte!

LES OGSÅ:Prøver å skremme seg sjølv

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE