Oljeselskap vil betale for CO2-utslepp
Konsernsjefane i seks store oljeselskap innrømmer klimaansvar og ber politikarane i verda bli samde om ein felles pris på karbonutslepp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil betale for CO2-utslepp
– Vi står samla i synet på utfordringa og trusselen klimaendring medfører. Vi oppfordrar styresmaktene til å treffe avgjerande tiltak under FNs klimatoppmøte i desember, skriv konsernsjefane Eldar Sætre i Statoil, Ben van Beurden i Royal Dutch Shell, Claudio Descalzi i Eni, Bob Dudley i BP, Patrick Pouyanné i Total og Helge Lund i BG Group i eit felles brev til europeiske avisredaksjonar, skriv Stavanger Aftenblad.
LES OGSÅ: Tretten kommunar jobbar ikkje med olje
– Vi er også samla i trua på at desse tiltaka bør anerkjenne den avgjerande rolla som gass og karbonprising kan ha for å bidra til å møte verdas energietterspørsel på meir berekraftig måte, skriv dei vidare.
Kravet i seg sjølv er ikkje nytt, men det er oppsiktsvekkjande at seks oljetoppar klarar å samle seg om ein felles fråsegn før klimatoppmøtet. (©NPK)