Endringane i klimaet har allereie fått konsekvensar i Noreg. Til hausten skal kommunar og fylke gjera opp status for klimatilpasning.

NPK-NTB-Nina Haabeth
NPK-NTB-Nina Haabeth

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) inviterer 22. september til ein større konferanse, der ein blant anna vil presentere oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane slår ut i Noreg.

LES OGSÅ: Noreg best budd på klimaendringar

Ny rapport
– Vi vil lansere rapporten «Klima i Noreg 2100», som viser kva FNs klimapanels siste globale klimaframskrivingar inneber for Noreg, fortel avdelingsdirektør Audun Rosland i Klimaavdelinga i Miljødirektoratet.

På konferansen vil ein sjå på og debattere arbeidet med klimatilpasning både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Både nasjonale, regionale styresmakter og privat sektor skal gjere opp status over kor langt ein er komne i arbeidet med å tilpasse seg eit endra klima.

– Kva er dei nasjonale rammene for klimatilpasning, korleis blir det jobba mednaturfarar og samfunnstryggleik, og korleis blir klimatilpasningsmeldinga frå 2012– 2013 følgt opp, er tema som vil bli tekne opp på konferansen, opplyser Audun Rosland.

LES OGSÅ: Korallrev er billeg vern mot ekstremvêr

Mange erfaringar
– Arbeidet med klimatilpasning er sektorovergripande, og vi kan lære av erfaringane til kvarandre. På konferansen blir det presentert eksempel på korleis eit endra klima blir handtert i arbeidet medvassforvaltning, landbruk, busetnad og annan infrastruktur, seier Audun Rosland. (©NPK)

LES OGSÅ: Verda må tilpassa seg ei uviss klimaframtid

Sjå video av flommen i Kvam kommune i Hordaland mai 2013.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

Kommentarar

ANNONSE