Fosse vert æresdoktor

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fosse har gleda eit stort publikum i mange år med sine bøker – ikkje minst studentar og forskarar. Fosses stil er særeigen og umiskjenneleg; det same kan seiast om den språklege mystikken og det store alvoret som rår i skrifta hans, seier rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen (UiB) i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Jon Fosse: – Ein siger å bli nominert

Tidlegare UiB-student
Det er først og fremst som dramatikar Jon Fosse har fått eit internasjonalt namn.

Den populære forfattaren frå Hardanger er tidlegare student ved Universitetet i Bergen og vert av mange rekna som Noregs fremste nolevande forfattar og diktar. Fosse er omsett til over 40 språk og han har i fleire år vorte nemnt som kandidat til Nobelprisen i litteratur.

Eit æresdoktorat er den høgste æra eit universitetet kan gje ein person som ikkje er tilsett ved institusjonen, men som likevel har vore viktige for universitetet.

Vanlegvis vert æresdoktorata delt ut annakvart år. I år skal titlane delast ut i samband med opninga av universitetsaulaen til hausten.

LES OGSÅ: Fosse kritiserer Den Nationale Scene

Velgjerar og visepresident
Næringslivsleiar Trond Mohn har på si side utmerka seg som ein raus velgjerar, som har donert store summar til både forsking, kultur og idrett på Vestlandet.

Professor Helga Nowotny er ein av grunnleggjarane av Det europeiske forskingsrådet (ERC) og har spela ei viktig rolle ved Universitetet i Bergen gjennom sitt arbeid som leiar av Holbergprisens fagkomité gjennom mange år.

Norskætta Walter F. Mondale var visepresident under Jimmy Carter frå 1977-1981, før han stilte som presidentkandidat for demokratane i 1984. Han har òg vore aktiv i borgarrettsrørsla og i arbeidet med å sikra rettshjelp for vanlege amerikanarar.

– Walter Mondale meiner at sikring av menneskerettar er den beste måten å sikra statens utvikling og tryggleik. Han har evna til å finna praktiske politiske løysingar der det kan vere vanskelege interessemotsetninger, seier Olsen.

Mondale speler òg ei viktig rolle i det planlagde samarbeidet mellom UiB og University of Minnesota Law School.

Faktaboks

Æresdoktor

Eit æresdoktorat vert tildelt utan doktoravhandling eller disputas, av ein institusjon som har rett til å gje doktorgrad eller tilsvarande

Med årets utnemningar har UiB gitt 116 æresdoktorat

Det første æresdoktoratet ved UiB vart tildelt i 1952

Førre gang det vart tildelt æresdoktorat ved UiB var i 2012, då vart det gitt sju æresdoktorat

Kjelde: UiB