Forstår ikkje kritikken

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under russefeiringa dukkar det opp små og store arrangement over heile landet, og bak ein del av desse står profesjonelle arrangørar, framfor russen sjølv. Som ein billett til ein del av arrangementa, er det mogleg å kjøpa russepasset, som blir lagt ut for sal i september.

Det tilbodet fungerer ikkje optimalt, meiner mellom anna russen Tineke Lothe frå Skeisvang vidaregåande skule i Førre. Ho fortel til Tysvær Bygdeblad at prisen på russepasset er for høg, og at det burde vera mogleg å kjøpa billettar til enkeltarrangement.

Bakgrunn: – Arrangørane spekulerer i russen

– Det økonomiske skaper splitting blant elevane. Nokre har enkelt og greitt ikkje råd til å vere med på alt, og andre – som meg og fleire venner, ser det som ei prinsippsak. Det er ikkje rett at arrangørane skal tene grovt på ei ung gruppe, seier Lothe.

Karl Petter Sandvik er dagleg leiar i Eventi, som sel Russepasset og set saman pakken Tineke Lothe frå Førre ikkje sette pris på. Han forklarar at Russepasset gir inngang til seks arrangement for rundt 1600 kroner, og at den samla prisen gjer det billigare enn å selja enkeltbilletar.

Han kjenner seg ikkje igjen i kritikken til Lothe.

– Me tykkjer det er keisamt at nokon tykkjer dette er dyrt, men i utgangspunktet er pakken rimeleg. Om me samanliknar med resten av arrangementa er dette gi-bort-pris, seier Sandvik, og trekk fram at pakken også gir inngang til arrangement i til dømes Stavanger og Kristiansand, som kan kosta opp imot 900 kroner åleine for den lokale russen.

Årsaka til at dei ikkje vil selja enkeltbillettar til arrangement same dagen, er enkel, meiner Sandvik.

– I utgangspunktet ønskjer me ikkje å selja enkeltbillettar same dag, fordi det kostar meir som arrangør å venta med billettsalet til dørene opnar.

LES OGSÅ: – Eksamen før russetida, krev fire fylke

Sandvik trur kritikken til Lothe ikkje gjeld fleirtalet.

– Det er kanskje ein russ her som tykkjer det er irriterande å vera ute i siste liten – og det forstår eg. Men me legg opp til ein pakke som skal vera veldig bra og som blir sett pris på. Me lagar pakkane utifrå kva som er mogleg for oss å få til. Det er mange faktorar som spelar inn, og dette er ein modell me har arbeidd inn etter fleire år med prøving og feiling, fortel Sandvik, og legg til at pakka er tilpassa store grupper.

– Men me klarar ikkje å laga ei pakke som passar 100 prosent for alle som er russ, og me sel ikkje til alle. No har me hatt denne modellen i mange år, og majoriteten er nøgd med at dei betalar såpass lite for heile pakken, så dei kan lata vera å gå på alle arrangementa. Med enkeltprisar ville det kanskje kosta meir, forklarar Sandvik.

Tineke Lothe reagerte òg på at det er ein større del av russearrangementa som blir arrangert av profesjonelle i dei seinare åra, i staden for av russen sjølv. Det har ei forklaring, meiner Sandvik.

– Dei siste åra har russen blitt dårlegare til å arrangera sjølv. Me har gjort dette i 12 år, og mykje kan gjera sjølv, og det er heller ikkje lurt for dei – det er mykje arbeid og økonomisk risiko. Der kjem me inn i biletet, for nokon må ta ein økonomisk risiko og passa på tryggleiken.

LES OGSÅ: Sykkelruss med nynorsk motor