Russetida blei ikkje som forventa for Tineke Lothe frå Førre. Mens klassekompisane hennar betalte dyrt for å vere med på ei rekke arrangement i vår, bestemte ho seg for å la vere. Av prinsipp.

Mona Terjesen, Tysvær Bygdeblad
Mona Terjesen, Tysvær Bygdeblad

Saka var først i Tysvær Bygdeblad

Tidlegare var det berre nokre av russearrangementa som blei sett i stand av arrangørar, resten av skulane eller russen sjølv. No blir så og seie alt arrangert av firmaet «Russepasset». For å vere med på blåtur, juleball, kroer eller grilling i Kvalsvik, må elevane betale for eit inngangspass. For å få med seg alt betaler ein i underkant av 2.000 kroner. Dette synst Tineke er dyrt. Ho synst også at elevane burde hatt moglegheit til å vere med på enkeltarrangement og betalt seg inn på det dei ønskjer å gå på, og ikkje minst har råd til.

– Det økonomiske skaper splitting blant elevane. Nokre har enkelt og greitt ikkje råd til å vere med på alt, og andre – som meg og fleire venner, ser det som ei prinsippsak. Det er ikkje rett at arrangørane skal tene grovt på ei ung gruppe. Eg er sikker på at vaksne menneske aldri hadde funne seg i å betale så mykje for å vere med på ei «obligatorisk» feiring. For det er jo det russetida skal og burde vere. Ei fin og samlande tid for alle, seier Tineke då me møter henne på Skeisvang vidaregåande der ho går siste året.

LES OGSÅ: Arrangørane forstår ikkje kritikken av Russepasset

Straffer seg
Alle russeelevane fekk tilbod om å kjøpet passet som gir dei innpass til arrangementa i haust. Dei måtte bestemme seg der og då kva pakke dei skulle gå for. Kva arrangement dei ønskja å vere med på.

– Det er ikkje lett å bestemme seg i september, for kva du vil vere med på i mai. For min del så ønskja eg berre å få med meg noko. Me har hatt eit par samlingar i eigen regi, dei har eg sett stor pris på og kost meg med. Men for eksempel grillinga i Kvalsvik ville eg gjerne vere med på. Då eg spurte om å få vere med på berre dette eine arrangementet fekk eg beskjed om å måtte betale 700 kroner. 700 kroner for å komme inn på ei offentleg badestrand og grille pølser. Eg synst det er for galt. Heile poenget er at det skal straffe seg å ikkje kjøpe passet. Det synst eg er veldig feil. Pungar ein ut i september – for heile pakka, men kan berre vere med på halvparten når våren kjem, så betaler ein veldig mykje pengar for lite. Det burde vore eit anna system på dette, meiner Tineke.

LES OGSÅ: – Framtidas russ er sykkelruss

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE