– Køyr på med nynorsk, Bergen!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtalet i Bergen bystyre har samla seg om eit forslag om å be byrådet om å kontakta sentrale styresmakter med sikte på å utgreia eit forsøksprosjekt som skal auka elevane sin kompetanse i både hovud- og sidemål.

Forsøket skal gi sidemålsopplæring frå 3. klasse, og sørgja for at elevane blir eksponert for både bokmål og nynorsk i alle fag.

LES SAKA: Vil innføra nynorsk for tredjeklassingar i Bergen

 

 

Dette skriv Torgeir Dimmen, senterleiar for Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa på Twitter.

Til Framtida.no utdjupar han:

– Det er veldig bra med merksemd rundt tidleg start med sidemål i skulen. Slik fagplanen er no er det berre til å starta, men det er flott at dei vil ta kontakt og sørgja for å ha eit systematisk opplegg rundt dette.

LES OGSÅ: Nynorsk som hjernetrim

– Litt gøy
Det heile starta med at Høgremannen Jacob Mæhle ville gjera sidemål valfritt i vidaregåande i Bergen. Men dette ville ikkje fleirtalet i bystyret vera med på:

– Det er litt gøy at eit forslag som ville svekkja sidemålet si stilling, endar opp med å styrkja det, seier førstekandidat for Bergen Venstre, Erlend Horn (bildet).

Han forklarer at grunnen til at han ønskjer at byrådet skal kontakta sentrale styresmakter om forsøk med sidemål frå tredjeklasse er at dei vil vera sikre på alt går rett føre seg.

– Men det er absolutt mogleg at me har eit handlingsrom. Forslaget vårt er også eit signal om me ønskjer meir opplæring i sidemål, seier han til Framtida.no.

I første omgang ber fleirtalet om forsøk med meir sidemål for elevar på tredjetrinnet på tre skular.

– Viss forsøket har positive resultat, er eg sikker på at fleirtalet vil gjennomføra dette over heile fjøla, seier Erlend Horn.

LES OGSÅ: Fylket som forundrar forskarane

Startar allereie til hausten
Allereie til hausten har tre skular i Bergen meldt seg på eit prosjekt for tidleg start med nynorsk for bokmålselevar.

Bokmålselevane på 4.trinnet ved Ådnamarka skule, 6.- og 7.trinnet ved Lone skule og heile mellomsteget på Ytre Arna barne- og ungdomsskule  skal vera med på prosjektet.

Kring to tredjedelar av elevane på desse skulane er bokmålselevar som går i klasse med nynorskelevar.

– Forsøket vil også gi positive effektar for nynorskelevane ved desse skulane, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein. Ho er prosjektleiar for tidleg start med nynorsk ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.

Låg terskel
Skular i Lørenskog, Trondheim og Bodø er allereie i gang med forsøket med tidleg start med nynorsk i skulen for bokmålselevar.

– Grunnlaget for dei nye prosjekta er formuleringane i fagplanen om at elevane skal møte «det andre» språket heilt frå første klasse og at dei også skal byrja å prøva seg fram meg skriving alt på mellomtrinnet. Meveit lite om korleis dett blir følgt opp i norske klasserom, men me har ein mistanke om at det ikkje blir gjort i særleg grad, i alle fall ikkje systematisk, seier senterleiar Torgeir Dimmen.

Tidleg start-prosjekta som senteret no er i gang med, skal utvikla fleire tilbod med ein låg terskel for å delta.

– Det vil seia å prøva ut måtar å gjera dette på som ikkje krev spesialkompetanse frå læraren og heller ikkje andre ekstraressursar. Slik skal kven som helst av kompetente lærarar over heile landet kunne gjera det, seier Torgeir Dimmen.

Han har tru på at dette er eit godt tiltak for å skapa forståing og toleranse for nynorsk i bokmålsområde.

Skulane som er med på prosjektet vil få støtte til innkjøp av Norsk Barneblad, teaterbesøk til nynorske framsyningar og bøker på nynorsk.

LES OGSÅ: Draumen om ein bokmålsoase

Faktaboks

Dette seier læreplanen i norsk om kva elevane skal læra om målformene våre på barnetrinnet:

1.-2. trinn:
– lytta til tekstar på bokmål og nynorsk og samtale om dei
– samtala om omgrepa dialekt, bokmål og nynorsk

3.-4. trinn:
– lesa tekstar av ulike typar på bokmål og nynorsk med samanheng og forståing
– samtala om songar, regler, dikt, forteljingar og eventyr frå fortid og notid på bokmål, nynorsk og i omsetjing frå samisk og andre språk

5.-7. trinn:
– lesa eit breitt utval norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på bokmål og nynorsk, og reflektera over innhald og form i teksten
– eksperimentera med skriving av enkle tekstar på sidemål
– samanlikna språk og språkbruk i tekstar på bokmål og nynorsk
– samanlikna talemål i eige miljø med nokre andre talemålsvariantar og med dei skriftlege målformene bokmål og nynorsk
– presentera eigne tolkingar av personar, handling og tema i eit variert utval av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samisk

Sjå alle kompetansemåla i norsk her!