Både miljø, økonomi og næringspolitikk tilseier at dei nye ferjeanboda må gi ferjer med ingen eller låge utslepp.

Svein Olav Langåker
Svein Olav Langåker
Faktaboks

Innanlands ferjetrafikk slepp i dag ut kring 400.000 tonn CO2 i året. Dette utgjer nær éin prosent av alle utslepp frå Noreg.

DNV GL har analysert 52 ferjestrekningar i Noreg med ei overfartstid på mindre enn ein halvtime som står for 40 prosent av dei samla utsleppa frå ferjetrafikken.

Elektrifisering av alle desse ferjestrekningane vil spara 155.000 tonn med klimautslepp.

32 av strekningane treng nettinvesteringar på 900 millionar kroner, for å kunne gi straum til ferjene. For alle strekningane er det behov for tilleggsinvesteringar på 1,7 milliardar kroner for å erstatta dieselferjer med elferjer.

Les rapporten her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Dét meiner dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Onsdag la Energi Norge fram ein rapport som viser at det vil vera lønsamt med elferjer på 20 av 52 ferjestrekningar i Noreg med overfartstid på ein halv time eller mindre.

Hege Økland seier til Framtida.no at rapporten vil gi Statens vegvesen tryggleik for å gi større vekting på miljøomsyn når dei skal lysa ut nye konsesjonar på ferjeruter. NCE Maritime CleanTech har nettopp sendt eit brev til Statens vegvesen der dei ber om klare krav til dei nye ferjekonsesjonane som skal lysast ut.

– Det offentlege har ei viktig rolle når det gjeld å vera ein krevjande og miljøvenleg kunde i innkjøpa sine. Krevjande kundar driv industrien framover, og er nøkkelen til å utvikla internasjonale konkurransefortrinn – også innan miljø, skriv Økland.

– Null- og lågutsleppsteknologi  gir betydeleg lågare drifts‐og vedlikehaldskostnader, legg ho til.

LES OGSÅ: Går for ferjefri E39

Hybrid på lengre ruter
I budsjettforliket mellom regjeringa og Venstre og KrF sist haust, heiter det at «Stortinget ber regjeringen sørge for at alle kommende fergeanbud har krav til nullutslippsteknologi (og lavutslippsteknologi) når teknologien tilsier dette».

Ifølgje Hege Økland er det i dag berre dei lengre ferjesambanda som det i dag er vanskeleg å køyra berre på straum.

– Men både hybrid og biodieselløysingar vil gi mindre utslepp enn dagens gassferjer, seier ho.

Ho viser til at fleire miljø arbeider med hydrogenløysingar til ferjer.

LES OGSÅ:Ferjefritt og frykteleg dyrt

– God næringspolitikk
Når teknologien blir industrialisert, og ein får eit større volum av elektriske ferjer, så vil også investeringskostnaden bli redusert.

– Det er her Staten gjennom sine innkjøp gjennom Statens Vegvesen kan leia an i eit grønt maritimt skifte. Utbygging av infrastruktur på land for lading vil og så bidra til at andre typar fartøy kan ta i bruk fornybar energi, påpeikar Hege Økland.

Ho får støtte frå ordførarkandidat for Stord Venstre, Geir Angeltveit.

– Venstre vil at offentleg sektor som kunde bidrar til å ta i bruk og utvikla nye miljø- og klimavenlege teknologiar og løysingar. Då må ein setja utvida tildelingskriterium om ny teknologi.

– For å halda på rolla som verdsleiande på nullutslepps skipsløysingar og dei næringsmogelegheitene det gir for det sterke kompetansemiljøet me har i Noreg på dette, er det viktig med nye prosjektet no som kan vidareføra og vidareutvikla løysingane som desse selskapa kan levera, held Angeltveit fram.

LES OGSÅ: Fyller tanken med vind

Treng klare krav
Til hausten skal det lysast ut fleire ferjeanbod.

NCE Maritime CleanTech oppmodar Statens Vegvesen om å stilla funksjonskrav  som  premierer  fartøya med dei beste miljø- og klimaløysingane utifrå eit scorebasert system.  Dei ønskjer òg at anboda må ha ei lengde på 12-15 år.

– Det vil gi eit godt resultat både sett i høve til økonomi og i eit livssyklusperspektiv når det gjeld energi- og karbonfotavtrykk.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE