Her gjennomfører flest studentar
Sjå ved kva lærestader i Noreg studentane i størst grad fullfører studiane sine.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Universitas.
Kvalitetsreforma frå 2003 hadde mellom anna som mål å få fleire studentar til å fullføra studiane, og at fleire skulle gjere det på normert tid.
LES OGSÅ: Somlande studentar
Torsdag la riksrevisor Per-Kristian Foss fram Riksrevisjonen si undersøking av studiegjennomføringa i høgare utdanning, og konklusjonen er klar: Kvalitetsreforma har ikkje hatt noko nemneverdig effekt på gjennomføringsgrada i høgare utdanning i Noreg.
Med sin gjennomføringsgrad på 59 prosent, er Noreg blant dei dårlegaste OECD-landa. Men kva lærestader i Noreg er best og verst?