Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) vil skjerpe grensene for helsefarleg svevestøv. Dei nye krava blir sett i verk neste år.

NTB-Johan Falnes
NTB-Johan Falnes

I eit brev til Stortinget skriv Tine Sundtoft at ho vil sende eit forslag ut på høyring om dei nye grenseverdiane.

– Vi skjerper no krava til luftkvalitet i byane. Det vil gi betre helse for innbyggjarane i framtida, seier ho til NTB.

Forslaget er basert på anbefalingar frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet, opplyser ho.

Frå neste år
Dei fire organa har tilrådd regjeringa å innføre nye grenseverdiar allereie dette året. Sundtoft foreslår i staden at dei av praktiske omsyn bør gjerast gjeldande frå 2016. Grunngjevinga for dette er at 2015 allereie er i gang.

Forslag frå Sundtoft går ut på at grenseverdien på årsbasis for grove støvpartiklar skal blir skjerpa frå 40 mikrogram til 25 mikrogram per kubikkmeter. Dette er i tråd med råda frå Miljødirektoratet, Vegdirektoratet, Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet.

Grenseverdien på døgnbasis for grove partiklar blir sett til 50 mikrogram per kubikkmeter, med maksimalt 30 overskridingar i året, mens grenseverdien på årsbasis for fine partiklar blir sett til 15 mikrogram per kubikkmeter.

Farlegare enn ein trudde
Ny kunnskap har vist at svevestøv har negative helseeffektar ved langt lågare konsentrasjonar av svevestøv enn ein tidlegare trudde, påpeiker Sundtoft.

– Vi følgjer derfor opp tilrådinga vi har fått, og innfører reglane frå 2016, seier ho.

Frå 2020 kan grenseverdiane bli skjerpa ytterlegare. For å førebu dette skal det leggjast fram eit oppdatert kunnskapsgrunnlag i 2018. Der skal ein vurdere både samfunnsøkonomisk nytte og kor gjennomførbart det er.

Innsatsen mot svevestøv må samtidig sest i samanheng med ei sak ESA har gåande mot Noreg for brot på direktivet om luftkvalitet, påpeiker klima- og miljøministeren.

Opnar for lågutsleppssoner
Døme på aktuelle tiltak mot svevestøv er auka støvfjerning, reduserte fartsgrenser, auka bruk av piggfrie dekk, partikkelfilter på anleggsmaskiner og utskifting av omnar. 

I tillegg vil regjeringa opne for lågutsleppssoner i byane.

– Eg er opptatt av at kommunane har dei verktøya som trengst for å løyse problemet med luftkvalitet. Derfor vil regjeringa til dømes opne for lågutsleppssoner for dei byane som sjølv ønsker dette, seier Sundtoft.

– Det er viktig å redusere utsleppa frå biltrafikken. Eg har tillit til at lokalpolitikarane finn dei rette tiltaka for å betre lufta, seier ho.

Under press
I Stortinget har miljøopposisjonen den siste tida pressa på for å få innført sterkare tiltak mot svevestøv.

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har lagt fram eit representantforslag om saka som er oppe til behandling i desse dagar, og i spørjetimen denne veka blei statsminister Erna Solberg (H) kritisert av SV-leiar Audun Lysbakken for å ha brukt for lang tid på å handle. Dei nye tilrådingane frå fagetatane om svevestøv blei lagt fram allereie i februar i fjor, påpeikte han.

Det er i samband med behandlinga av forslaget frå MDG at Sundtoft no har varsla Stortinget om dei nye reglene som er på veg. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE