Facebook-dronninga

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1,4 milliardar folk er på Facebook, men tenesta  er berre tilgjengeleg på knapt seksti språk. Dette heng saman med at datamaskinene ikkje er fordelte jamt ut over verda, med ei slagside mot den vestlege verda. Aller tettast er det mellom maskinene i Noreg. Difor er det ikkje overraskande at nynorsk tidleg var eitt av språka ein kunne velje mellom.

Eit gjennomgåande trekk hjå dei største digitale selskapa, er at dei lèt brukarane gjere jobben. Utan ein innsats frå brukarane, hadde ikkje det vore noko YouTube, Instagram og Airbnb. Ekstremversjonen er sjølvsagt Facebook, der folk legg ut halve livet sitt, og Facebook stikk av med marknadsføringskronene. Det fine er at me kan leggje ut liva våre på nynorsk. Og som så mykje anna godt målarbeid, er også dette gjort på dugnad.

Brukarstyrt
Applikasjonen “Facebook translations" gjer det mogleg for brukarane å endre ord etter kvart som dei dukkar opp. Om du har valt å ha Facebook på nynorsk, vil du melding om at enkelte ord og frasar ikkje er omsette til nynorsk. Desse kan du omsetje, eller røyste fram dei framlegga som er komne inn. Etter ein viss periode blir endringane permanente. 

Endringane du har kome med framlegg om og røystene du har gitt, blir bokførde. Resultatet er ein tabell over dei som har vore mest aktive og dei som har hatt størst påverknad. Tabellen tel no fem hundre, men truleg har langt fleire gjort ein innsats.

Øvst står Martine Rørstad Sand. Ho står bokført med 27 201 omsetjingar, og har gjeve 26 278 røysterpå ulike framlegg. Nummer to og tre på lista er anonyme, men nummer fire er Benjamin Endré Larsen. Tilsvarande tal for han er 2902 omsetjingar og 2220 røyster. Det illustrerer aktivitetsnivået til Sand. 

– Enklare før
– I byrjinga nytta eg den engelske versjonen, og det var ikkje noko alternativ å gå over til den på bokmål. Det var fyrst då den nynorske versjonen dukka opp, eg bytte språk, seier Sand.  

– Det gjekk ikkje lang tid før eg såg ein feil, og lærde at eg kunne rette han opp sjølv. Dei fyrste åra var dette veldig enkelt. Alle ord som ikkje var omsette, fekk ein raud strek under. Då kunne ein gå inn og kome med framlegg om eit nynorsk ord eller omgrep. Gul strek under tydde at det var kome inn framlegg, og at det var råd å røyste. Grøn strek  tydde at omsetjinga var gjort. Då var det i grunnen berre å ha ork til å gjere dette arbeidet.

– Men dette har endra seg?

– Ja, no er det hakket meir komplisert. No må ein meir aktivt søkje opp ord enn tidlegare. Facebook endrar seg heilt tida, og med kvar endring må me omsetje ordet eller omgrepet på ny. Det er også vanskelegare å omsetje t.d. knappar og slikt som ligg inne i eit eller anna element. Mange ord er jo nytta ulike stader, og før kunne ein få fram tidlegare framlegg på det same ordet. No må me byrje på nytt kvar stad dette ordet dukkar opp. 

– Kor mange er det som held på med dette?

– Det har eg ikkje noko tal på. I byrjinga var det eit forum som fungerte godt, men no er det berre ei side med meir eller mindre tilfeldige innspel.

Omsetjarane kan leggje inn fleire framlegg, som det så er råd å røyste opp eller ned:

Inga fast norm
– Kva norm går de etter?

– Det er litt av problemet. Då det vart opna for ei norsk utgåve av Facebook, var det nokre som prøvde å få inn så mykje nynorsk som råd var. Dette møtte motstand, og det enda med ei splitting. Det hjelpte sjølvsagt, men det er me omsetjarane sjølve som avgjer kva hovudreglar me skal gå etter. Det er råd å leggje inn a-infintiv, men det er e-infintiv som er malen. Difor er det alltid dei framlegga som blir røysta fram. Eg skulle i grunnen ynskje at Facebook hadde kosta på seg å tilsetje ein koordinator som kunne ha eit overoppsyn og avgjort alt slikt.

– Finst det i dei store språka?

– Det er ikkje råd å gjere dette med dei største språka, t.d. engelsk, spansk og fransk. Der er det nokon som har det som arbeid. Men eg kjenner ikkje til at nokre av dei "opne" språka har ein slik koordinator.

– Blir det mykje fjas?

– Nja, noko er det. Mykje av det er jo berre feil. Brukarar som ikkje har vore klar over kva det er dei held på med. Det kom t.d. inn eit framlegg om å døype om "Fotoalbum" til "Feriebilete 2013" og det trur eg ikkje var meininga. Men alle gjer feil, meg sjølv inkludert. Arbeid som dette er skjerpande for rettskrivinga, og eg nyttar ordboka mykje for å prøve å gjere det rett. 

– Er du like aktiv?

– Nei, det er eg ikkje. Eg går ikkje inn og søkjer opp feil lenger, i alle fall ikkje i like stor grad. Men om eg kjem over ein feil eller manglande omsetjing, så gjer eg framleis noko med det.

– Korleis får du tid til dette?

– Det tek ikkje så lang tid, ikkje no lenger. Men eg har studert nordisk, og skriv no på ei masteroppgåve om bruk av dialekt på Facebook. Så det har jo vore fagrelatert.

– Og om Facebook skulle søkje etter ein språkkoordinator, kva ville du ha gjort?

– Eg ville nok ha søkt.
 

Først publisert i Norsk Tidend.