Svensk utdanningssystem under lupa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje OECD ser det ut til at kunnskapsnivået blant unge svenskar er fallende.

Dette krev handling, meiner den svenske regjeringa, som no har bede OECD granske utdanningssystemet for å sjå om det gir den kompetansen som næringslivet spør etter, skriv Dagens Nyheter.

LES OGSÅ: Knusande dom over kvalitetsreform

Granskinga skal sjå på korleis svenske styresmakter «vurderer, føreser og set inn tiltak» i tråd med prognosane frå næringslivet og kompetansebehov.

Sverige er det første OECD-landet som har bede om ein slik studie. (©NPK)