Her blir det satsa på «snåle» grønsaker

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Satsar på «snål» frukt

Bunnpris er den første kjeda i Noreg som kastar seg på ein ny mattrend – å selja frukt og grønsaker som vanlegvis ikkje er vakre nok til å hamna i hyllene til ein billigare pris. Det skriv Aftenposten.

I seks butikkar i Oslo, mellom anna på Adamstuen, kostar dei snåle grønsakene minst 30 prosent mindre enn dei andre grønsakene – og ofte endå mindre.

– Det er storleik og andre bagatellar som gjer at mykje grønsaker og frukt ikkje kjem i butikkhyllene. Av det vanlege utvalet må eg ofte kasta varer som eg ser kundar legg til side. Det skal ikkje meir til enn eit hakk i eit eple, så vil ingen ha det, fortel Eirik Olsen, butikksjef på Bunnpris Adamstuen, til Aftenposten. Han meiner det er eit samfunnsansvar å selja grønsakene ingen andre vil ha.

Sjå meir om kampanjen til Bunnpris her:

LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter

Debatten om kor mykje mat me kastar – 350.000 tonn kvart år berre i Noreg – blussar opp med jamne mellomrom. I fjor haust fekk Facebook-kampanjen «Stygge poteter – ja takk!» mykje merksemd, og fleire tusen stilte seg bak folkeropet nærast over natta.

Bak den kampanjen sto Sigrun Brustad Nilsen, ein heilt vanleg forbrukar som engasjerte seg litt ekstra i at me kastar mykje norsk mat, og importerer «finare» grønsaker frå utlandet i staden.

– Dette betyr, ifølgje bøndene sjølv, stort matsvinn på kort sikt og på lengre sikt ei potensiell nedbygging av ein del av den norske matproduksjonen me er avhengige av. Rotgrønsaker treng me strengt tatt ikkje å importera, men me gjer det likevel, sa Nilsen til Framtida.no då ho snakka med oss i haust.

LES OGSÅ: Suksess med uperfekt frukt