Berre éin av ti elevar får skulefrukt

Etter at forsøksordninga med gratis skulefrukt blei avvikla tek ni av ti elevar ikkje lenger imot skulefrukt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre éin av ti får skulefrukt

I fjor blei det delt ut gratis frukt til 159.000 elevar på ungdomstrinnet. I år er det berre 18.321 med fruktabonnement, skriv Bergens Tidende.

Etter at ordninga med gratis frukt blei fjerna av regjeringa i 2014, har ho blitt erstatta med ei abonnementsordning der foreldra må betale for at barna skal få frukt og grønt. Resultatet er at 90 prosent av norske elevar på ungdomsskulen og skular med ungdomstrinn ikkje lenger får frukt.

– Eg hadde trudd at fleire skular ville vore interessert i å starte ei foreldrebetalt ordning, seier Tore Angelsen, prosjektleiar for skulefrukt i grunnskulen til BT. (©NPK)

LES OGSÅ: Forbod mot mobil kan gi éi veke meir læring