Om du er mellom 16 og 20 år og let deg inspirera av Ivar Aasen-ordtaket «Ein får tru det ein vil», kan du no bruka den inspirasjonen til å skriva ei novelle, og senda den inn i konkurransen som Dei nynorske festspela arrangerer.
– Ordtaket «Ein får tru det ein vil» kan tolkast på ulike måtar og eg trur det kan komma mykje spennande ut av det, seier programansvarleg Åshild Widerøe i Ivar Aasen-tunet i ei pressemelding.
Konkurransen er i gang, og fristen for å svara er 15. juni. Vinnaren blir annonsert på eit eige arrangement under Dei nynorske festspela 26. juni – og dei tre beste tekstane kjem på trykk i Sunnmørsposten, samstundes som vinnaren får 5000 kroner som ein bonus.
Juryen er leia av forfattar Bjørn Sortland, saman med ein representant frå Sunnørsposten og ein frå Ivar Aasen-tunet.
Vil du vera med? Send inn bidraget ditt til on.te1524407968nutne1524407968saa@n1524407968ima1524407968 eller via heimesida til Dei nynorske festspela!
LES OGSÅ: Her er programmet til Dei nynorske festspela