Debutanten Nazish Khan vil visa at arrangert ekteskap og tvangsekteskap er to ulike ting. – Eg var stupforelska i mannen min og han i meg på bryllaupsdagen vår, sjølv om det var arrangert, seier ho.

Faktaboks

• Nazish Khan debuterer på Pax Forlag med boka «Da himmelen falt». Ho er månadens debutant hos Framtida.no
• Boka samlar historiar frå unge vaksne og deira erfaringar med arrangert ekteskap og tvangsekteskap
• Nazish Khan understrekar at det er to ulike ting:

– Tvangsekteskap er ei brutal handling, eit overgrep og ikkje minst kriminelt. Arrangert ekteskap, gjort på rett vis, er ein legitim måte å gifta seg på. Du får presentert kandidatar, får bruka litt tid på å bli kjent med dei, og då har dei unge moglegheit til å seia ifrå om dei ønskjer dette eller ikkje, utan nokon konsekvensar, seier ho.

LES FAKTALUKK FAKTA

I boka «Da Himmelen Falt» fortel Nazish Khan historiene til fleire unge til fleire unge vaksne om arrangerte ekteskap og tvangsekteskap. Ho meiner det er eit stort problem at mange ser på dei to som ein og same sak.

– Tvangsekteskap er ei brutal handling, eit overgrep og ikkje minst kriminelt. Arrangert ekteskap, gjort på rett vis, er ein legitim måte å gifta seg på. Du får presentert kandidatar, får bruka litt tid på å bli kjent med dei, og då har dei unge moglegheit til å seia ifrå om dei ønskjer dette eller ikkje, utan nokon konsekvensar.

Ho meiner grensa mellom dei to er klar – men det er mange nyansar. Det skriv ho om i debutboka si, som nyleg er utgitt på Pax Forlag.

– Om ein arrangerer eit ekteskap med eit ørlite element av press eller overtaling, då beveger du deg over i tvang. I arrangerte ekteskap står du heilt fritt til å sei nei, seier Khan.

Ho meiner det viktigaste ein kan gjera for å fjerna tvangsekteskap fullstendig, er førebygging blant foreldra, og god kommunikasjon.

– Ein diskusjon utan å komma i forsvarsposisjon er veldig viktig – at foreldre er opne for å høyra på kva ungane seier. Kommunikasjon med foreldre og ei forståing av det å hamna mellom to kulturar er veldig viktig. Nøkkelen er ei bevisstgjering på kva press eigentleg er, og kva det vil seia at ungane skal få gifta seg med kven dei vil. Nokon foreldre seier dei gir ungane valet mellom ti kandidatar, og derfor er det ikkje tvang. Men då er det ikkje frivillig, det er at du får ti kandidatar, og går vidare om du ikkje likar nokon av dei. Det er mange nyansar her.

LES OGSÅ: Håvar inn på ekteskap

På rett veg
Arrangerte ekteskap må slita med ein solid dose stigma – ein høyrer litt for ofte skrekkhistorier om unge jenter som blir gifta vekk mot sin vilje, eller blir trua med vald, overgrep og drap om dei prøver å gå imot familien sin vilje.

Det er ikkje arrangerte ekteskap, opplyser Nazish Khan – då skal ikkje noko tvang eller overtaling vera med i biletet. Heldigvis er me på veg i rett retning etter kvart som generasjonane går, meiner Khan.

– Eg håpar det, og ønskjer det. Eg vil gjetta – sjølv om eg ikkje kan spå framtida – at tvangsekteskap i enkelte miljø blir viska ut etter kvart. Det er i alle fall tendensen blant unge pakistanarar no, og også foreldra har blitt meir bevisst på korleis det er å veksa opp mellom to kulturar, seier Khan, og utdjupar kvifor ho trur tvangsekteskap blir gjennomført i nokre miljø.

– Eg trur ikkje det er ein storfamiliekultur som krasjar med individkultur. Det er nok enkelte innprenta ukulturfenomen som har grobotn for overgrep som tvangsekteskap. Diverre kan enkelte kalla slike overgrep for arrangert ekteskap, noko som absolutt ikkje er tilfelle.

Men det er ikkje noko som skjer automatisk.

– Eg trur denne boka er eit viktig bidrag i den prosessen, men det må jobbast aktivt. Me kan ikkje berre sitja og venta – i dei miljøa der tvangsekteskap skjer må det bevisstgjering til om kva det vil seia å gifta vekk barna sine, og kva det vil seia å tvinga.

– Eg var stupforelska i mannen min og han i meg på bryllaupsdagen vår, sjølv om det var arrangert. Me seier det er arrangert, for hadde ikkje mor mi introdusert meg for han hadde eg aldri møtt han, me hadde ikkje dei same sosiale krinsane, fortel Nazish Khan. Foto: Anders Veberg

Når to kulturar møtest
Boka til Khan byrjar med at Nazish Khan tenkjer på veninna si, «Mina» (eit alias i boka, jour.anm), som rømmer heimafrå og til Khan sin familie då ho får beskjed om at ho skal giftast vekk. Den gong var Khan sterkt imot – ho skjønte ikkje at det skulle vera lov å gifta vekk barna sine på den måten.

Sidan den gong har ho lært mykje – om korleis foreldre tenkjer, og kvifor det ofte oppstår misforståingar.

– Nesten alle foreldra eg har snakka med meiner verkeleg at det er det beste for barna når dei overtalar dei til å gifta seg. Slik kan dei bruka omgrepet arrangert ekteskap når det skjer, men det er ikkje arrangert når eit barn blir pressa – då er det tvangsekteskap.

Problemet oppstår i eit møte mellom to kulturar. Foreldre frå Pakistan kjem frå eit samfunn der storfamilien er viktig, og står framfor det aller meste.

– Barn i dag er mykje meir bevisst, og når foreldra foreslår ekteskap og møter motstand frå barna sine her, blir det eit kommunikasjonskrasj – barna får ikkje formidla kva dei føler, og foreldra får ikkje forklart kva dei føler.

LES OGSÅ: – Islam handlar om å bygga fred

Prosess på 10 år

Idéen om at alle tankane, spørsmåla og svara ho hadde om arrangerte ekteskap, skulle enda opp mellom to permar, fekk ho som student.

– Eg er utdanna sosionom, og skreiv ei bacheloroppgåve om emnet i 2005. Rettleiaren min meinte eg måtte utvikla det vidare til ei bok, men eg vart gravid og hadde familie, så eg måtte utsetja. Passivt har eg jobba vidare med boka sidan den gong.

Det er med andre ord eit tiårs-prosjekt som har komme ut på Pax forlag no – men systematisk har ho jobba med denne boka sidan 2013.

Takksam for eige ekteskap
Nazish Khan er sjølv gift, gjennom eit arrangert ekteskap. Ho er gift med Mehteb Afsar, generalsekretær i Islamsk Råd Norge.

– Eg var stupforelska i mannen min og han i meg på bryllaupsdagen vår, sjølv om det var arrangert. Me er like forelska, om ikkje meir, i dag. Me seier det er arrangert, for hadde ikkje mor mi foreslått han hadde eg gått glipp av den store kjærleiken.

Den arrangerte delen var altså berre at mora introduserte dei for kvarandre – resten tok Nazish og Mehteb seg av sjølv.

– Arrangert ekteskap gjort på rett vis er mykje som nettdating. Du blir introdusert for nokon, de møtest, og så går det vidare derifrå, seier Khan.

– Eg snakka med den yngste søstera mi, både ho og mannen har BI-grader og gode jobbar, og vart introdusert for kvarandre gjennom veninner. Eg har diskutert dette med ho, og eg pleier å sei at det er litt arrangert – dei møttest ikkje tilfeldig, det var veninnene som arrangerte det første møtet. Eg pleier å tulla med at det er ein slags blanding, legg ho til.

LES OGSÅ: Stabile ekteskap med aborttilbod

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE