Medan Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut forhandlingane, er Norges Bondelag og staten samde om ein avtale med ei ramme på 400 millionar kroner.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Avtalen blei presentert på ein pressekonferanse fredag kveld. Norges Bondelag skildrar forhandlingane som har gått føre seg heile veka, som tøffe.

– Vi gjekk inn i dette med eit ønske om å få til ein avtale til det beste for bonden og norsk matproduksjon. Det har vore konstruktive forhandlingar, og på siste dag kom vi altså fram til eit resultat som vi meiner er akseptabelt, seier leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes.

Test deg sjølv: Kva kan du om norsk landbruk?

Braut forhandlingane
Medan Bondelaget er samde med staten, braut Norsk Bonde- og Småbrukarlag forhandlingane fredag ettermiddag. Organisasjonen meiner tilbodet frå staten ikkje gir rom for å snu ein allereie negative trend innanfor jordbruket.

Det opphavlege tilbodet frå staten var på 90 millionar kroner, ei ramme som no har auka til 400 millionar kroner.

– Vi er fornøgde med ein forhandlingsgevinst på 310 millionar kroner. Av omsyn til dei mindre og mellomstore gardsbruka har det også vore avgjerande at det foreslåtte kuttet i overføringar på 110 millionar kroner blei reservert. I staden blir overføringane no auka med 45 millionar kroner, seier Bartnes.

Han fortel at kravet frå bøndene opphavleg var 24.000 kroner per årsverk i næringa. Det første tilbodet frå staten låg på 6.000. Avtalen som no er inngått, inneber ein inntektsauke på 13.000 kroner per årsverk neste år.

LES OGSÅ: – Eit hån mot norsk matproduksjon

Bøndene er inntektsvinnarar
Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) rosar Norges Bondelag for å vere ansvarlege i jordbruksforhandlingane og utpeikte bøndene som årets inntektsvinnarar i Noreg.

På ein pressekonferansen sa Listhaug at årets oppgjer føydde seg inn blant fleire gode for bøndene dei siste åra. Ho sa også det gode oppgjeret for bøndene i år sat langt inne for regjeringa i ei tid der arbeidstakarar i andre næringar mister jobben.

– Også neste år vil bøndene bli inntektsvinnarar med ein lønnsauke på 3,75 prosent som denne avtalen inneber. Det vil seie at ein har hatt ein lønnsauke frå 2014 til 2016 på 12,75 prosent sa Listhaug.

Kritiserte Småbrukarlaget
Listhaug kom med kraftig refs av Norges Bonde- og Småbrukarlag som braut forhandlingane med staten fredag ettermiddag. Ho ramsa opp at organisasjonen hadde brote fem av dei seks siste forhandlingane med staten og sa han ikkje på nokon måte tok eit ansvar.

– Dei tek på ingen måte det same ansvaret som Norges Bondelag gjer, sa Listhaug då ho presenterte semja mellom staten og Bondelaget.

LES OGSÅ: – Staten leikar med maten

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE