Rune Belsvik til Nynorskkonferansen 2015

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Belsvik til Nynorskkonferansen

Det melder Nynorsksenteret i ei pressemelding. 21. og 22. oktober skal det haldast ein stor nynorskkonferanse i Bergen. Der skal nynorskopplæringa – både som hovudmål og sidemål – setjast i ein større samanheng. Målet er å inspirera, skriv Nynorsksenteret.

Dei inviterer alle som arbeider med nynorsk i opplæringa, på alle nivå frå barnehage til vidaregåande. Gjennom dei to dagane blir det fleire seminar frå fagfolk som litteraturvitar Svein Slettan, skriveforskarane Synnøve Matre og Kjell Lars Berge, Eli Bjørhusdal, Toril Opsahl og Trude Hoel.

I tillegg deler lærarar eigne erfaringar, og det blir bokprat med forfattar Rune Belsvik.

LES OGSÅ: – Nøkkelordet er oppriktigheit