Maria Parr er stor i Russland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Salstalet for «Vaffelhjarte» er usedvanleg høgt. Eg kjenner ikkje til andre norske forfattarar – uansett sjanger – som har oppnådd dette i Russland i nyare tid. Romanen er tidlaus, og treff openbart lesarar over heile verden. Dei første bokmeldingane frå USA er kome, og Maria Parr får gode kritikkar i prestisjetunge tidsskrift som Publishers Weekly og Kirkus, seier  Eirin Hagen i Hagen Agency, som er Samlaget sin agent.

«Vaffelhjarte» er selt til 26 land, men det er Russland som toppar salet, følgd av Frankrike og Tyskland.

– Erlend Loe og Jo Nesbø er dei einaste norske forfattarane som kan måla seg med salet til Maria Parr i Russland etter 2000, seier Dina Roll-Hansen, seniorrådgjevar ved Norla.

LES OGSÅ:Korleis vart du du, Maria Parr?

– Eksotisk
Dina Roll-Hansen meiner bøkene til Maria Parr er eksotiske innslag for russiske bokkjøparar.

– Både Vestlandsbygda og det autonome barnelivet er nok litt eksotisk for dei. Men til sjuande og sist er det at boka er god som gjer at ho sel så godt.

Det russiske forlaget som gjev ut Maria Parr sine bøker, Samokat, hadde sin første store kommersielle suksess med Vaffelhjarte sidan starten i 2003.

– Med den utgivinga i 2008 nådde me langt utover vår eigen vesle elitære krins, sa Irina Balakhonova så ho blei intervjua i Periskop i fjor haust.

Har stor tru på Rune Belsvik
Sidan 2005 har Norla støtta omsetjing av 191 norske bøker til russisk. Berre engelsk, tysk og fransk har fleire norske bøker blitt omsett til i dei siste ti åra.

– Det nyaste no er Rune Belsvik med Dustefjerten som kom ut før jul på Samokat. Boka sel foreløpig bra, og forlaget har stor tru på ho. Men me må jo sjå an framover. Det tar lang tid å byggja opp ein verkeleg bestseljar, seier Dina Roll-Hansen i Norla.

Men dei siste bøkene til Belsvik – «Jolver»og «Verdas søtaste turist» blir det neppe noko av i Russland. Begge barnebøkene har innslag av seksualitet – noko som dei russiske styresmaktene slår hardt ned på.

I 2012, då Maria Parr besøkte den internasjonale litteraturfestivalen i Berlin, var det lange autografkøar. FOTO: Ragnfrid Trohaug, Samlaget

LES SAKA:I kø for Maria Parr i Berlin

Sensurerer barnebøker
Hausten 2012 kom dei ei lov «om vern av barn mot informasjon som er skadeleg for helsa deira og utvikling» i Russland. Lova påbyr aldersmerking av all informasjon retta mot barn og unge, òg litteratur. Han omfattar ei detaljert liste over frå kva for ein alder barn kan introduserast for ulike tema.

Det er i første rekkje omtale av seksualitet og vald som vert regulert, men òg andre ting, som omtale av sjukdom. Til dømes kan barn frå seks år få lesa om sjukdom, så lenge han er kortvarig, ikkje alvorleg og utan detaljerte, kroppslege skildringar.

Frå tolv år kan barn høyra om heteroseksuelle tilhøve dersom seksuelle handlingar ikkje vert skildra på hissande opp måte.

Frå seksten år kan barn lesa om vald så lenge drap ikkje vert skildra i detalj og så lenge det vert vist medkjensle med offeret. Interessant nok står det at vald utført av statlege organ er unntatt frå desse avgrensingane.

– Aldersmerkinga gjer at ei bok som i tema passar for 13-åringar kan ha 18-årsgrense, noko som gjer det vanskeleg å selja bøkene, seier Dina Roll-Hansen. 

Les meir om kampen om barndommen i Russland på Periskop.no!

Faktaboks

Maria Parr (fødd 18. januar 1981) er ein barnebokforfattar frå Fiskå i Vanylven.

Maria Parr har mastergrad nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

Ho debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk.

I 2009 gav ho ut boka Tonje Glimmerdal som var selt til fem land før ho kom på norsk, og som ho fekk Brageprisen for i 2009. I 2011 vart Vaffelhjarte filmatisert for NRK.