Eksamen for multinorske skodespelarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Multinorsk eksamen

21. mai blir det eksamensframsyning med eit politisk debatt-stykke.

Tre år har gått sidan det første kullet med skodespelarstudentar ved Det multinorske starta utdanninga si på Det Norske Teatret i Oslo. Det var teatersjef Erik Ulfsby som starta denne utdanninga, for at norske teaterscener betre skal kunne spegle Noreg slik det er i dag. Alle dei fire skodespelarane som blir uteksaminerte no, har fått engasjement ved teateret til hausten – men då som ferdig utdanna skodespelarar.

Eksamensframsyninga «Eg ringer mine brør» er skriven av den svenske dramatikaren og forfattaren Jonas Hassen Khemiri. Det er basert på ein kronikk han hadde på trykk i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010. Stykket er eit både humoristisk og slagkraftig debattinnlegg om integrering og utanforskap. (©NPK)

LES OGSÅ: Tøysete nynorskmusikal om politikk og kongelege