– Trudde me gjorde det som var rett

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Trudde me gjorde det rette

Gunn Beate Sjøthun og Målfrid Aspeseter var kontaktlærarar for klassen til Iris Farlora då ho gjekk på ungdomsskulen. Saman hadde dei to lærarane ansvar for 30 elevar, der Aspeseter var den som hadde Farlora.

Sjøthun påpeiker at ho ikkje ynskjer å forsvare seg sjølv, då både ho og Aspeseter trudde dei gjorde ein god jobb.

– Me har ei oppleving av at me har gjort ein god jobb. Me trudde me var der for ho, me trudde me var engasjerte og me trudde me gjorde det som var rett.  

Tiltaksplan
Då Farlora begynte på ungdomsskulen vart det, saman med den dåverande rektoren ved Lærdalsøyri skule, laga ein tiltaksplan kring Farlora. Dette var ein plan som kontaktlærar informerte alle involverte lærarar og assistentar om.

Det vart sett i verk fleire tiltak som skulle betre skulekvardagen til Farlora. Klassen på 30 elevar vart mellom anna delt sånn at Farlora skulle tilbringe minst mogleg tid saman med den personen ho ikkje kom overeins med. Klassen fekk også ein ekstra vaksenperson til stades i friminutta for at Farlora skulle føle seg tryggare.

I tillegg tok kontaktlærar ofte med seg Farlora når spesielle opplegg skulle planleggast, sånn at Farlora sjølv fekk velje kven ho ville samarbeide med. Kontaktlærar hadde også faste samtalar med Farlora gjennom skuleåret for å høyre korleis det gjekk med ho. Farlora var også den einaste eleven som fekk lov til å bruke mobil på skulen, sånn at ho kunne ringe mora si når ho hadde behov for det.

Gjorde alt ho kunne
Før Farlora skulle starte i 10.klasse tok Sjøthun kontakt med Farlora og mora hennar, dette for å få Iris ut og i aktivitet med ynskje om at Farlora skulle kunne vere med på Jotunheimturen.  Frå siste veka i juli månad gjekk Sjøthun heim til Farlora tre gonger i veka og tok ho med seg på sykkelturar eller gåturar i fjella i Lærdal.

– Farlora var ikkje særleg glad i fysisk aktivitet, men eg hadde bestemt meg for at ho skulle vere med på den tradisjonelle 10.klasseturen i Jotunheimen. Det er ein rimeleg tung tur, men eg ville så gjerne at Farlora skulle vere i god nok form til å delta på turen.

Sjøthun fortel ærleg at ho gjorde det ho kunne den gongen Farlora gjekk på ungdomsskulen, og at ho rett og slett ikkje hadde meir å gi. Ein liten milepæl vart det difor når alt arbeidet gav resultat, og Farlora vart med på turen i Jotunheimen.

«Du er unik»
At Farlora skilde seg ut på ungdomsskulen var ikkje vanskeleg å sjå. Sjøthun fortel at dei på ungdomsskulen nytta mykje tid på å fortelje alle elevane at dei var ein unike. Farlora fekk også vite at ho var ein unik elev og at dette var noko ho burde ta vare på. Frasen «Sjå opp for etterlikningar» vart ofte nytta.

– Då dei tre åra på ungdomsskulen var over fekk me som kontaktlærarar eit klassebilete hjå elevane, der samtlege elevar skulle syne fram kven dei var. Hestejenta stilte med rideklede, fotballstjerna med fotballdrakt, nerden med briller og partyløva kom med ølflaske.

–  Biletet danderte dei sjølv og midt i biletet satt Farlora, saman med alle dei andre som også var unike. Biletet skulle vere eit takk for at dei hadde fått lov til å vere den dei var desse åra.

Ynskjer kontakt
Sjøthun fortel at ho hugsar Farlora som ei tøff, sjølvstendig og frittalande jente med eit stort potensiale. Ho tykkjer det er utruleg trist å få vite at Farlora ikkje hadde det kjekt på Lærdalsøyri skule.

– Fortida får me ikkje gjort noko med no, men eg hadde sett pris på om Farlora tok kontakt sånn at me saman kan sjå på planen vår mot mobbing. Me som skule ynskjer at elevane våre skal kjenne seg ivaretekne og at me bryr oss. For det gjer me.

Sjøthun tenkjer difor at Farlora kan kome med viktige innspel til handlingsplanen mot mobbing, i forhold til kva to meiner er bra eller  mindre bra.

Utfordrande klassemiljø
Sjøthun har no hatt fire ulike klassar som ho har følgt dei tre åra på ungdomsskulen. Ho seier at alle klassar har sine utfordringar og at det alltid vil vere konfliktar i ein klasse.  Ho meiner at fenomen som baksnakking, utestenging og utfrysing alltid vil skje.

– Lærdalsøyri skule er ein einskapsskule som alle andre skular, og det skal vere plass til alle. Og me har alle typar elevar, alt frå elevar med eteforstyrring og psykiske problem til dysleksi og ADHD.

– Noko av det som er vanskeleg i eit klassemiljø er å få så mange ulike personlegdommar til å fungere saman. Ein vel ikkje kvarandre i eit klassetrinn, og det kan vere utfordrande å få alle dei ulike personlegdommane til å arbeide saman.

Målfrid Aspeseter, som var kontaktlæraren til Iris då ho byrja på ungdomsskulen, er ein av dei lærarane som Iris rosar for å ha prøvd å tatt tak i mobbinga.

–  Som kontaktlærar for både Julie og Iris tykkjer eg det er svært trist å lese om deira opplevingar på Lærdalsøyri skule. Det er beklageleg at dei opplever at dei ikkje har fått den oppfølginga dei trengte, og det ansvaret må eg sjølvsagt ta. Dette er så alvorleg at det kan få konsekvensar for mitt arbeidsforhold i Lærdal kommune.

Porten.no gjer merksam på at Iris Farlora har oppheva teieplikta til lærarane som er involvert i denne saka.

Les saka i Porten!