Bård Hoksrud (Frp) trur den nye motorferdsellova vil gje færre skuterulykker.

Øystein Øygarden, Vest-Telemark Blad
Øystein Øygarden, Vest-Telemark Blad

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.

I vinter har det vore fleire alvorlege skuterulykker, mellom anna i Telemark. Bård Hoksrud kjøper ikkje argumenta om at den nye motorferdsellova vil gje fleire ulykker. Tvert om. Frp-politikaren frå Telemark har tru på å få skuterkøyringa inn i ordna former i godkjente løyper.

LES OGSÅ: Djup mistillit til scooterprosessen

– Det trur eg vil bli veldig bra, og det viser også forsøksordninga. Erfaringane viser at det i skutermiljøet blir slått hardt ned på dei som ikkje oppfører seg, seier Hoksrud.

– Den nye lova gjer at vanlege folk får kome ut og køyre skuter. Det opnar seg også moglegheiter for næringslivet i distrikta, legg han til.

Den nye lova som blei vedtatt torsdag gjev kommunane rett til å avgjere om og korleis det skal leggast til rette for fritidskøyring, men det er eit krav om grundig utgreiingsarbeid. Utgreiingsarbeid må ta omsyn til friluftsliv, naturmangfald, reindrift, og bustad- og hytteområde. Kommunane må også ta særleg omsyn til støy og ulemper for friluftslivet.  

LES OGSÅ: Ungdom vil ha meir scooter-politi

– Når kan folk køyre skuter lovleg?

– For nokon stader vil det vera mogleg alt frå neste sesong, men det kjem heilt an på kva kommunane ynskjer, seier Hoksrud.

Senterpartiet sikra fleirtal for regjeringspartia Høgre og Frp i den nye motorferdsellova. Den norske turistforeininga har karakterisert den nye lova som «ein svart dag for norsk friluftsliv og naturmangfaldet».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE