Nynorsk grunnlov eitt år!

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då Stortinget vedtok den nynorske versjonen av Grunnlova i fjor på denne dagen, vart det godt motteke hos dei aller fleste nynorskforkjemparane.

–Berre jamstillingsvedtaket frå 1885 er viktigare enn dette. Me takkar dei som dreiv fram saka og dei som snudde i tide, sa Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum den gongen.

LES OGSÅ: – Ein historisk dag for nynorsken

Også avtroppande leiar i Norsk Målungdom, Karl Peder Mork, var strålande glad.

– Dette er ei historisk anerkjenning av nynorsken, nynorskbrukarane og den språklege likestillinga. Med dette har Noreg, etter 200 år, endeleg fått Grunnlova på dei to norske skriftspråka. Det er ikkje berre viktig reint symbolsk, men også viktig for at Grunnlova skal vere lett tilgjengeleg og forståeleg for folk flest, sa Mork.

I dag vart bursdagen til Grunnlova feira hos Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

 

Mork var i salen då vedtaket vart gjort for eitt år sidan.

– Eg hadde grugleda meg i fleire dagar. Det var ein viktig dag. I dag er sjølvsagt ein flaggdag, seier han i dag.

LES OGSÅ: Me fulgte Grunnlova på tur frå Oslo til Ørsta

I høve det historiske vedtaket vart det laga ein stor modell av Nynorsk Grunnlov. Den vart frakta frå Oslo og over fjellet til Ørsta i høve dei Nynorske Festspela i fjor sommar. Framtida.no ga deg sjansen til å vera med på turen – den kan du gjenoppleva her.