Kvinner tek flest doktorgradar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vart gjennomført 1.448 doktorgradsdisputasar i fjor. Av dei var 730 av kvinner og 718 av menn, skriv VG.

LES OGSÅ: Kvinner ute av toppen i ungdomspartia

– Jentene er det nye vinnar-kjønnet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til avisa.

Tilstandsrapporten viser ein auka kvinnedel på område som blant anna medisin og samfunnsvitskap, der kvinnedelen i 2014 låg ti prosentpoeng høgare enn for ti år sidan.

– Eg er ikkje skremt av utviklinga. Det er mange mannsbastionar igjen. Samtidig tek fleire og fleire kvinner lengre utdanning og fleire av dei tek posisjonar i akademia, konstaterer statsråden. (©NPK)

LES OGSÅ: Krev garanti om lærlingplass