Først ut med batteri i offshore

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først ut med batteri

Saka var først hos Bømlo-Nytt

Eidesvik har inngått avtale om installasjon av energilagringssystem (batteri) for fartøyet "Viking Queen". Dette blir fyrste gong eit offshorefartøy i operasjon får installert eit slikt system, skriv reiarlaget i ei pressemelding.

– Dette er difor ein milestolpe innan miljøsatsing offshore, og viser at det er mogleg å oppnå ei monaleg meir miljøvenleg drift også for eksisterande tonnasje, meiner administrerande direktør for reiarlaget, Jan Fredrik Meling.

LES OGSÅ: Fullt mobilbatteri på eit halvt minutt

Avtalen er inngått etter målretta samarbeid mellom Lundin Norway AS som har skipet på kontrakt, ZEM AS, som skal levera energilagringssystemet og Eidesvik AS.

Eidesvik-reiarlaget har gjennom FoU-samarbeidet FellowSHIP arbeidd med batteriteknologi i fem år, og det er i stor grad basert på dette arbeidet at det no er blitt mogleg å kommersialisera denne teknologien.

Energilagringssystemet får en kapasitet på 650kWh og kan levera inntil 1600kW. Løysninga gjev drivstoffinnsparingar på rundt 18 prosent, medan miljøutslepp av NOx og drivhusgasser (CO2e) går ned med om lag 25 prosent. 

I tillegg til avtalen om installasjon av batterisystem er Lundin Norway AS og Eidesvik samde om ei forlenging av avtalen vedrørande "Viking Queen", meldt 23.januar i fjor.

– Me er glade for å få videreutvikla samarbeidet med Lundin Norway AS. Eit selskap som nok ein gong viser seg å vera villige til å satsa på løysningar til beste for miljøet, seier Meling vidare.

 – For ZEM er kontrakten for levering av eit høyeffektivt batterisystem til "Viking Queen" eit gjennombrot.  Me er stolte over at eit leiande offshoreselskap som Eidesvik satsar på oss, seier teknisk direktør i ZEM, Egil Mollestad.

LES OGSÅ: Nordsjøen er eit skitten spisskammers