Rekordfå tenåringsabortar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Talet på abortar i Noreg har sunke jamt dei siste åra og i 2014 heldt nedgangen fram. I fjor vart det utført 14 061 svangerskapsavbrot, ifølgje tal frå Abortregisteret hjå Folkehelseinstituttet.

Det er fem prosent færre abortar enn i 2013 og tilsvarar 11,8 abortar per 1000 kvinner.

LES OGSÅ: Etterlyser historier om abort 

Flest i Oslo, Finnmark og Troms
Talet på abortar hjå kvinner mellom 15 og 19 år er det lågaste sidan registeret vart oppretta i 1979. Talet på abortar blant tenåringar i Noreg er nesten halvert sidan 2008.

I dag vert dei fleste abortar utført på kvinner i alderen 20-24 år før veke ni i svangerskapet.

Oslo, Finnmark og Troms toppar abortstatistikken i alle aldersgrupper, medan Rogaland, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane ligg på botnen i svangerskapsavbrot.

Nettredaktør i Norsk Gynekologisk Forening (NGF) og overlege på abortregisteret Mette Løkeland forklarar at årsaka til dei låge aborttala er auka tilgang på og kunnskap om prevensjon.

– Det er ein strategi myndigheitene har lagt opp til og som NGF støttar. Helsesøstrer og jordmødrer kan mellom anna skrive ut prevensjon. NGF er glade for utviklinga og har òg støtta at helsesøstrer og jordmødrer skal kunne setje inn implantat og spiral. I tillegg får kvinner under 20 år subsidiert prevensjonen sin, forklarer Løkeland til Lommelegen, som først omtala saka.  

LES OGSÅ: Stabile ekteskap med aborttilbod 

Færre naudløysingar
At talet på prevensjon auka med kring fire prosent frå 2013 til 2014 underbyggjer denne forklaringa. Og medan prevensjonbruken går opp, går naudprevensjon ned.

I fjor vart det selt i underkant av 142.000 dosar naudprevensjon – populært kalla angrepiller. Det er ein nedgang på ni prosent samanlikna med 2013, ifølgje Reseptregisteret.

– Dette betyr at ungdommane er flinke til å bruka prevensjon, og at dei har mindre ubeskytta sex. Det er ofte etter det første samleiet unge treng naudprevensjon. Seinare tek dei ansvar for prevensjon i større grad enn tidlegare, seier helsesøster i ung.no Anne Bentzrød til Aftenposten. 

LES OGSÅ: Nær ni av ti vel abort ved Downs-diagnose