Bøndene reagerte med demonstrasjonar landet rundt for eit år sidan på det dei oppfatta som eit forsøk på å rasere næring. Tilbodet frå staten i jordbruksoppgjeret i år blir levert tysdag klokka 12.
– Men kva har eigentleg skjedd etter at vi tok over? I fjor var det rekordstore investeringar. Eg er ganske sikker på at ingen her ville investert fleire millionar kroner i nytt driftsbygg dersom de var redd for å miste jobben, sa Listhaug under landsmøtet til Framstegspartiet på Gardermoen på sundag.
LES OGSÅ: Bøndene krev 950 millionar
Krevjande
Ramma på kravet frå Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag er 950 millionar kroner. Det vil gi ein inntektsvekst på 24.200 kroner per årsverk.
«Moderat» sa Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes og leiar i Småbrukarlaget Merete Furuberg då kravet blei levert 24. april.
«Eit krevjande utgangspunkt», svarte forhandlingsleiar i staten Leif Forsell.
Landbruksorganisasjonane er i tillegg oppteken av måten pengane blir fordelt på. Oppgjeret i fjor gav mykje til nokre få, medan eit fleirtal fekk mindre, meiner dei.
LES OGSÅ: – Det handlar om framtida vår
Litt styr
Listhaug er likevel mest oppteken av optimismen i næringa.
– Det blei spådd dommedag med Framstegspartiet i Landbruksdepartementet. Men berre ein gong tidlegare etter år 2000 har så få bønder gått ut av næringa som i fjor. Mjølkekvotane blei rivne bort. Vi omdisponerer rekordlite areal. Lønnsveksten for bøndene var i fjor på 8,7 prosent – himmelhøgt over alle andre, sa Listhaug i landsmøtetalen sundag.
Statsråden er påpasseleg med ikkje å kommentere krav eller tilbod før staten legg fram forhandlingsutspelet sitt tysdag. Men heilt roleg trur ho ikkje det blir i år heller.
– Det blir alltid litt styr når det er jordbruksoppgjer, lydde prognosen. (©NPK)