– Ein må tenkje som ein banditt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle har skotsikre vestar under uniformane. Fire tollarar fordeler oppgåver ved avkjørselen frå Kiel-ferja i Oslo ein fredags morgon. Dei er ein del av dei kring 400 tollarane som kontrollerer alle grenseovergangane til Noreg. Ei lita men effektiv gruppe.

– Me står årligfor over halvparten av alle beslaga Kripos statistikkfører nasjonalt,forklarar tolloverinspektør Erik Nårstad (53).

I fjor gjorde det norske Tollvesenet heile 35.000 beslag – 4000 av desse var narkotika.

I 2014 beslagla tollarane 7,6 tonn khat, 640 kilo hasj, 255 kilo marihuana, 132 kilo kokain, 34 kilo heroin og 104 kilo amfetamin. I tillegg kjem 11 kilo syntetisk narkotika, noko som er ei dobling frå året før.

Her kan du sjå oversikt over alle baslaga tollvesenet gjorde i 2014.

Ein jobb 27 regelverk
I tillegg til å hindre narkotika i å nå den norske marknaden, ser dei etter pengar og våpen knytt til organiserte kriminelle, menneskehandel, falske varer og varer som overstiger dei norske tollgrensene.

22 tonn kjøttvarer, 5,5 tonn fisk, 69.000 falske merkevarer, 14 skytevåpen og 427 andre våpen vart stoppa ved dei norske grensene i 2014.

Tollvesenet har i alt mellom 1800-1900 tilsette i Noreg – og mykje å gjere.

I alt handhevar Tollvesenet regelverk frå 27 ulike etatar, som til dømes Politiets utlendingseining, Miljødirektoratet, Skatteetaten, Mattilsynet og Landbruksdirektoratet.

Det kan vere sjuke hundar som manglar dei riktige vaksinene eller landbruksvarer. Visste du til dømes at du ikkje kan ta med poteter og egg inn i Noreg?

LES OGSÅ: Sjokkert over prisforskjellane på mat


Erik Nårstad, Tommy Granlund, Asaf Mohammad og Ole Martin Grønset er klare til dyst ved Kiel-ferga.

Populær utdanning
– Eg føler det er ein meiningsfylt jobb. Det er samfunnsvern me driv med, konstaterer tollinspektør Ole Martin Grønset (31).

Han følgde i fotspora til faren då han skulle velje yrke og trivst godt i ein arbeidskvardag med turnusordning, varierte oppgåver og lite kontortid.

At han slepp studielån er heller ingen uting.

Dei som vert teke opp som tollaspirantar får ei teoretisk og praktisk utdanning over 26 månadar. Utdanninga er løna og studentane forpliktar seg til 22 månadars teneste i etterkant.

I fjor søkte 135 personar på kvar av dei 16 utlyste aspirantstillingane, noko som er rekord. 

Til det andre kullet i 2015 var det 2219 søkjarar til 25 opplæringsstillingar.

LES OGSÅ: Endra tollgrense skapar kluss

Sveitsisk handverk og tysk fangst
På kaien tek Asaf Mohammad seg av den raude fortollinga – dei som seier seg villig til å betala for varene dei tek med seg over grensa.

Ole Martin pratar med bilane som køyrer på grønt – og dermed seier: «Eg har ingenting å fortolle».

Ved indikasjonar på smugling sender han dei vidare til Erik.

Ein sveitsisk bil med ein mann og ei jente i tolvårsalderen vert kontrollert nærare. Han seier han er handverkar på veg til Vestlandet for å hjelpe ein ven å byggje ei hytte. Bilen er full av verkty og har soveplass til to.

Erik forklarar at Noreg har ein strikt grensekontroll, sidan me ikkje er medlem i EU, medan han dreg ut skuffer og ser i ein koffert.

– Do you have vaccation from school? spør Nårstad jenta, som bekreftar dette og fortel at ho har to veker fri.

Sjekken vert rask. Mannen hadde klart for seg kvar han skulle og hadde utstyret i orden. Nettopp desse tinga er det mange som ryker på. Handverkarar med hobbyutstyr. Forretningsmenn med gamle brosjyrar.

Som tollar bør ein vere flink med folk og aller helst språksterk.

Ein bil med tyske skilt er på veg til Hitra på fisketur. Både fiskeslukar, mat og alkohol er med. Det er innafor kvota. Frå tollaren får dei med seg helsingar om : «Skitt fiske».

–Dei fleste me kjem borti er ærlege og redelege, forklarar Erik og Ole Martin.  

LES OGSÅ: Smuglar bleier til Europa


– Ein god tollar er fargeblind, seier overtollinspektør Erik Nårstad (53).  

Pengar, dop og våpen
Men det finst unntak. Begge vert opprørte når kyniske smuglarar utnyttar born.

– Det er ikkje akkurat fair-play, som Ole Martin seier.

Det kan vere narkotika i ein liten barnesekk. Å fortelje ein ti år gamal gut at skiferien er avlyst og barnevernet kopla inn fordi pappa smugla 80 kilo hasj er heller ikkje særleg kjekt.  

For nokre år tilbake vart eit barnelik stoppa i London. Det skulle frå Sør-Amerika til Noreg og innehaldt narkotika. Smuglarar kan òg finne på å operere varer inn i levande dyr.

Tollvesenet har fleire miljø under oppsyn. Metodane er i stadig endring, og det gjelder å følgje med heile tida. Helst vere eit hestehovud foran.

No til dags kjem mange ulovlege varer rett og slett i posten. Tollarane er skremt over kor lett ungdom kan få tak i narkotika over nettet. Om ikkje Tollvesenet får tak i sendinga, har ein livsfarleg dop i posten etter berre nokre tastetrykk. Desse brukarane er ofte unge, utan noko særleg historikk med tradisjonelle narkotiske stoff.

– Kven er det som smuglar?

– Allslags folk. Dei er som meg og deg, svarar Erik kontant.

– Det er det som gjer det så vanskeleg. Hadde det berre vore ein type personar så hadde jobben vore enkel, legg kollegaen til.

På sambandet i bilen får Tollvesenet melding om ein mistenkjeleg bil på veg til Oslo, så nokre indikatorar har dei å gå etter.

Somme tider stoggar dei tungt kriminelle som reiser med våpen og skumle planar, andre gongar er det familiar på Danmarkstur.

– Det er ulike folk som reiser med dei ulike båtane. På Kielferja som er lengre og dyrare har dei gjerne vore lenger nede på kontinentet. Det kjem ein del barnefamiliar med danskebåten, men det er ikkje noko hemmelegheit at det er ein del som tykkjer det er spanande å ta seg ein tur til Kristiania. Då kan freistinga til å ta med seg noko heim vere stor, seier Erik.

LES OGSÅ: Rusmisbruk går i arv

Ein hund etter pengar
Både smuglarane og tollarane nyttar hundar i si teneste – men på ganske ulikt vis. Snart skal tollarane få ein hund med nase for syntetiske stoff, men Tollvesenet har allereie spesialtrente hundar som leiter etter narkotika eller valuta.

Skal du inn eller ut av landet kan du ha med deg inntil 25.000 norske kroner i kontantar uten å deklarere beløpet for Tollvesenet. Større summar er ofte eit teikn på lyssky forretningar.

– Pengebeslaga berre aukar. Det kan vere ganske befriande om ein tek pengane på veg ut, sjølv om dei har klart å få stoffet inn, seier Ole Martin.  

I fjor stoppa tollarane 51,1 millionar norske kroner på grensa.


Hundeførar Tommy måtte få ny hund då den førre ikkje klarte krava, men labradoren Tika luktar hasj sjølv om han er godt pakka inn.

LES OGSÅ: Med snute for å redde liv

To menn – ein mistenkjeleg bil
Hundeførar Tommy Granlund får ein telefon om at han og Tika skal kome til danskebåtkaien for eit hundesøk. To norske menn i ein leigebil har utløyst alarmen. Finn tollarane narkotika i ein bil, vert heile køyretøyet konfiskert – difor risikerer ein mindre tap med leigebil.

All bagasjen er fjerna frå bilen som er køyrt inn i ein garasje og dei to sit på kvar sin stol i et enkelt innreda rom. Ein snakkesalig og ein stille. Når labradoren Tika kjem inn snusar ho kjapt og vennleg på dei.

Etterpå søkjer ho bilen. Det vert ingen funn, men Tommy legg fram ein liten hasjbit slik at hunden skal få litt meistringskjensle.

Å bli hundeførar i Tollvesenet er slett ingen leik. Førar og hund må gjennom ein årleg godkjenningsprøve og fleire testar. Ein stryk og du er ute, men Tommy trivst som plomma i egget. Den logrande halen til Tika, kan vitna om det same.

Mennene får køyra vidare. Hadde Tika markert på eit ekte funn, hadde prosessen vorte betydeleg meir omfattande.

– Strippinga er rutinemesssig for oss, men det er det ikkje for dei som strippast, konkuderer Erik.

Både han og kollega Ole Martin har høyrt røvarhistoriar om nettopp desse episodane, men meiner at yrket i hovudsak har eit godt rykte.

LES OGSÅ: Hunden din blir faktisk sjalu

Narkotikalass eller minnepinne
–  Ein vert ikkje børsspekulant av å jobba her, men det er vanvittig bra arbeidsmiljø og mange interessante arbeidsoppgåver, seier Erik.

Han har arbeidd i Tollvesenet sidan 1990, før den tid har han ti år som sikkerheitsvakt. 

For tolloverinspektøren er det ein god dag når han har gjort noko i samfunnets teneste som førebyggjer kriminelle handlingar. Det kan vere eit stort beslag, eller om han gjer eit funn av noko så lite som ein liten minnepinne – full av barneporno.

–  Å sjå på det frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv er ganske interessant. I Sverige reknar dei på kor mykje ein sparar samfunnet for når ein stoppar ein kilo heroin i mellom anna i forsikringsengar og ressursar knytt til vinningskriminalitet, peikar Erik på.

Han har sett nok av kva stoffet gjer med folk og likar slett ikkje legaliseringsdebatten som no har nådd Noregs grenser.

Kvar dag passerer skadelege varer grensene inn til Noreg.

–  Det kjem med fly, tog, buss, bilar og båtar. Me klarer ikkje å nå over alt, noko som er frustrerande, medgjev Ole Martin.

På vegen plukkar tollarane opp ein heil del bransjekunnskap. Kva skal ting vege, kvar er holromma?

–  Ein må tenkje som ein banditt, smilar den yngste av dei to.

LES OGSÅ: Manglar fangar – legg ned fengsel


Ole Martin trivst i ein variert jobb der han får vere mykje ute.

Opp i røyk
Men kvar dag i Tollvesenet er ikkje ein detektime. I dag vart eit ganske vanleg norsk par stoppa. Det synte seg at dei hadde 18 liter vin og to tepper til ein verdi på over 30.000 kroner. Det er så langt over grensa at tollarane vart nøydd å melde dei til politiet.

– Det vert nok ei saftig bot. I tillegg får dei det på rullebladet, så det hadde vore billegare for dei å berre køyre på raudt og fortolla varene, slår Erik fast.

Har du vore i utlandet kan du tollfritt ta med deg varer til ein verdi av 6.000 kroner, inkludert både alkoholkvota og drivstoff på bilen. Har du vore utanlands mindre enn 24 timar kan du berre ta med deg halvparten så mykje.

Dei beslaglagte varene vert køyrt inn til sentralen der dei skal registrerast og dobbeltregistrerast. Med makta til å ta frå folk farlege gjenstandar og verdisaker, kjem mykje ansvar.

Før kunne kjøtet ende opp på ein gamleheim, men no går alt i omnen av frykt for mellom anna salmonella.

Sprit og vin vert omdanna til kjemisk sprit, som vindusspyleveske. Narkotikaen går rett til Kripos for analyse.

508.000 liter øl vart tømt ut ifjor og tobakken – som mellom anna bestod av 9,8 millionar sigarettar – gjekk opp i røyk.

Så no tenkjer du deg kanskje to gongar om før du går på grønt med ei vinflaske for mykje.


Ole Martin hadde ikkje forventa å beslagleggje tepper då han kom på jobb i dag.