Erfaringa gav han lyst på politiutdanning, men det vart til slutt ein annan yrkesveg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Hugsar eg hadde veldig lite tankar om framtida då eg var i militærbobla. Eg var fotballkeeper i ungdommen, og mitt mål og største ønske var å ta over etter Bruce Grobbelaar i Liverpool-buret. Ergo hadde eg inga frykt for framtida, om eg kan seia det sånn.

Tollarprofil Steffen Eriksen runda nettopp 60 år, og tenkjer tilbake på livet som 20-åring i 1984.

Den gong var det berre Forsvaret og Liverpool F.C., som stod i hovudet hans. Sistnemnde er like aktuelt i dag.

– Ta godt vare på venene dine

– Hadde eg møtt meg sjølv som 20-åring no ville mine klare råd vore å ta godt vare på venene dine, ha draumar og mål og gå for det, skriv Eriksen i ein e-post til Framtida.no.

Sarpingen vart først kjent for norske TV-sjåarar gjennom realityserien Toll på TV 2, der eit kamerateam følgde ei gruppe tollarar på jobb.

Etter å ha vorte ein populær figur på TV var tollaren tilbake i det nye realitykonseptet Spillet på TV 2.

På 20-årsdagen var Eriksen på Værnes militære flystasjon i Trondheim, der han starta førstegongstenesta januar «i det herrens år 1984».

Tollar Steffen Eriksen er aktuell i TV 2-serien Spillet. | Foto: TV 2

Frå Værnes til Stavern

Eriksen hadde veldig lite fokus på 20-årsdagen, då han hadde nok med å overleva ein tøff kvardag på rekruttskulen.

– Eg hadde inga formeining om kva som skjedde utanfor militærforlegninga og i verda for øvrig. Hadde meir enn nok med meg sjølv hugsar eg. Streva som berre fy då eg ønskte å koma inn på eit halvt års befalsutdanning som militærpoliti (MP red. anm.). Eg klarte alle krava etter mykje slit, fekk avkorta rekruttperioden og drog vidare i kongens klede til MP-utdanning i Stavern. Ein langt betre plass enn Værnes, må seiast.

Den unge mannen fekk god støtte i alle val frå foreldra sine, som var dei viktigaste i livet på den tida.

Steffen Eriksen har teke vare på gamle presseoppslag, som dette frå Asker og Bærums Budstikke på tidleg 90-tal. Foto: Asker og Bærums Budstikke

Nei frå politiet

– Etter MP-utdanninga, avslutta eg med ni månader teneste på Bodø hovudflystasjon. Det var den tida det gjekk opp for meg at eg ville bli politi, minnast Eriksen.

Bodø hovudflystasjon fotografert i 1982. Foto: Ssgt. Rodney K. Prouty/Riksantikvarens kulturminnebase

Sarpingen kom inn på opptaksprøven i Tromsø, der han «vart vege og funne for lett».

– Etter militærtenesta var eg heime eit par månader før eg såg ei utlysing etter nye tollbetjentar på Fornebu. Eg søkte og fekk telefon frå tollsjefen veka etter. Dei lurte på når eg kunne flytta til Oslo og byrja som tollar på Fornebu. Ingen intervju med andre ord. Sidan har eg vore i Etaten.