Ut av skalet på skuletur

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først i Avisa Nordhordland

– Eg var ganske sjenert og stille som 11-åring, men då eg fekk moglegheita til å søka om å vera med på eit prosjekt, som skulle gå føre seg i Estland, vart eg ivrig, fortel 10.-klassingen, som går på Kaland skule og tok faget «internasjonalt samarbeid»

Saman med seks elevar og to lærarar frå skulen, reiste ho på utvekslingstur.

– Eg var ikkje glad i å snakka med nye menneske og eg var heller ikkje spesielt flink i engelsk, difor grua eg meg ganske mykje til å reisa. Heldigvis vart eg plassert hjå ein veldig hyggeleg familie, og hadde ein veldig fin tur. Då eg kom heim igjen sat eg med minne for livet, seier ho.

LES OGSÅ: På nikk med makta

– Viktig med engelsk
Synne, som ikkje tidlegare hadde vore så glad i engelsk, fekk ei større interesse for faget.

– Etter turen forstod eg kor viktig det engelske språket er, og kor mange moglegheiter ein får når ein kan kommunisera med folk frå andre land, seier 16-åringen.

Synne fekk etter turen til Estland ei stor interesse for andre kulturar og menneske, og då ho i 9. klasse skulle velja valfag, var ho ikkje i tvil om at det måtte bli «internasjonalt samarbeid». 

Då starta to spennande år med nye kjenningar og reising.

Kaland skule vart med i eit internasjonaliseringsprogram, som gav elevane med dette valfaget moglegheita til å få besøk, og også besøka elevar i andre land. 

På hausten i 9. klasse fekk Synne besøk av to franske jenter, som budde heime hjå henne i fem dagar.

– Dei forstod ikkje engelsk så godt, difor var det utfordrande å kommunisera med dei. Men vi brukte nevane og «google translate», så vi klarte å prata litt saman likevel.

Reise til Barcelona
I slutten av januar 2014 drog Synne på sin første tur med prosjektet ”Mens sana in corpore sano”. Saman med tre andre elevar og to lærarar reise ho til Barcelona, kor dei besøkte ein skule med 600 elevar. 

– Skulen hadde førebudd eit aktivt program for oss, difor skjedde det noko kvar dag. 

Eit par månader etter at ho var i Spania reiste ho igjen på ny prosjekttur. Denne gongen til Tsjekkia og landsbyen Nydek som ligg heilt ved grensa til Polen øst i landet. Også her hadde skulen planlagt eit aktivt program fylt av ulike aktivitetar og utflukter.

– På eit slikt utvekslingsbesøk lærer ein utruleg mykje. Ein lærer å vera open for andre kulturar og normer, og ein begynner å sjå sin eigen kultur i eit heilt anna lys. Ein av dei tinga eg har lært gjennom dette prosjektet er at sjølv om vi lever i forskjellige land og har forskjellig oppvekst og liv, så har vi likevel ein ganske lik kvardag.

Synne fortel spesielt ein ting har gjort sterkt inntrykk på ho.

LES OGSÅ: Ambassadesjåføren

Med opne armar
– Måten eg vart tatt imot av vertsskulane, vertsfamiliane og dei andre elevane på skulane vi har besøkt, har gjort inntrykk på meg. Eg vart tatt imot med opne armar og det tok ikkje lang tid før eg begynte å føla meg heime hjå vertsfamilien og på skulen. Alle eg møtte var veldig hyggelege og det vart heile tida passa på at eg vart inkludert og at eg hadde det bra.

– Er heldig
Etter alle desse opplevingane sit 10.-klassingen igjen med mange gode minne og erfaringar.

– Er er utruleg heldig som har fått lov til å delta på denne typen prosjekt. Eg har fått moglegheit til å ha besøk av to veldig hyggelege franske jenter, har fått reist på tre turar og vorte kjent med fantastiske menneske frå heile Europa.

Ho synest det har vore spesielt spennande å læra om ulike land og kulturar på ein ny måte.

– Ved å arbeida med eit slik prosjekt får ein eit heilt spesielt forhold til landa ein besøker. Det å lesa om den tsjekkiske, spanske eller estiske kulturen og historia er noko heilt anna enn det å få oppleva den med sine eigne sansar. Spania, Tsjekkia og Estland er tre land som alltid vil ha ei spesiell betydning for meg, seier ho.

Besøk frå andre land
Denne veka har elevane med valfaget «internasjonalt samarbeid», hatt besøk av elevar frå Tsjekkia, Ungarn, Tyrkia og Danmark. Dei to tsjekkiske jentene Vera Czyzovà (13) og Karin Siva (14) har budd heime hjå Synne.

– Huset til Synne er veldig fint, og ho har ein veldig fin hund, seier Vera.

Dei meiner begge to at naturen i Norge er utruleg vakker.

– Det er rart å sjå så mange hus, som er bygd av tre – det er vi ikkje vane med heimanfrå. Det er også spesielt at mange av husa ligg såpass spreidd, i Tsjekkia ligg alle hus tett i tett, seier Karin.

Sjølv om det to jentene snakkar dårlegare engelsk enn Synne, klarer dei å kommunisera.

– Det er spennande å læra om korleis dei har det i Tsjekkia, og høyra om deira kvardag, seier Synne.

LES OGSÅ: Internasjonale studentar får ikkje kontakt