Talet på uføre under 35 år har auka med 50 prosent dei siste fem åra.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Tal frå Nav viser at det har vorte 4.555 fleire uføre under 35 år i Noreg berre dei siste tre åra. Samtidig har talet på uføre nordmenn i eldre aldersgrupper lege stabilt, skriv Aftenposten.

– Utviklinga er urovekkjande. Svært få går frå uføretrygd og tilbake i arbeidslivet. For dei fleste er løpet køyrd, seier forskar Simen Markussen ved Frischsenteret.

LES OGSÅ: Vil ikkje gi Nav-pengar til friske unge

Økonomiprofessor Kjell Vaage ved Universitetet i Bergen meiner at innføringa av tidsavgrensa uføretrygd i 2004 og fjerninga av same ordning i 2010 kan forklare ein del av fallet i unge uføre midt på 2000-talet og veksten dei siste åra.

– Men sjølv når vi justerer for tekniske postar som dette, er det eit faktum at det er ein underliggjande vekst i delen unge uføre. Det er yttarst urovekkjande, seier Vaage.

Ved årsskiftet var det til saman 311.875 nordmenn som fekk uføretrygd, det er 9,4 prosent av befolkninga mellom 18 og 67 år. Av desse var 20.335 under 35 år.

Utgiftene til uføretrygd er rekna til 78,2 milliardar kroner i statsbudsjettet for 2015, 6,2 prosent av det totale budsjettet. (©NPK)

LES OGSÅ: Iben (18) takkar Nav

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE