«Landet under isen: Dødeboka» fekk Nynorsk Barnelitteraturpris 2015 for å treffa ei aktuell nerve.

Med prisen kom kjem eit diplom og 30 000 kroner. Prisen har blitt delt ut sidan 1968 av Noregs Mållag, og det var dei som gav prisen til Lars Mæhle i dag.

Juryen gir forfattaren heider for å ta unge lesararar på alvor, står det i grunngjevinga.

– Med vinnarboka viser forfattaren et det er muleg å skriva kvalitetsbøker for ungdom innanfor fantasysjangeren, skriv juryen vidare. Juryen består av Margit Ims, Anne Skaret og Knut Åge Teigen.

Les vår bokmelding av «Landet under isen: Dødeboka»

Dødsengelen
I Dødeboka, som er den andre boka i Landet under isen-serien, følgjer me Leo Rubin på oppdrag. For å unngå Dødsengelen, må alle i bygda der Leo Rubin bur ofra ei geit kvar månad og mala geiteblodet på døra si. På døra til Leo står ein beskjed i tillegg til geiteblodet – og beskjeden sender han ut på eit eventyr med kamp mellom det gode og det vonde, og ei livsfarleg reise.

– På nytt trugar mørkret og undergangen innbyggarane i det vesle bygdesamfunnet, og den utvalde må nok ein gong freista å ta opp kampen mot dei vonde kreftene, står det i grunngjevinga til juryen.

Dei legg ekstra vekt på korleis kampen mellom det gode og det vonde er skildra i boka.

– Sjølv om romanen isceneset det klassiske skiljet mellom godt og vondt som ein klar grunnstruktur i kampen til helten, utspelar handlinga seg i eit uoversiktleg univers, der det gode og det vonde ikkje er lett identifiserbare storleikar, ikkje ein gong i helten sjølv. Mykje av spaninga er knytt til nett dette, skriv juryen.

Frå unge sitt perspektiv
Vinnaren sjølv var overraska over at det var han som fekk Nynorsk barnelitteraturpris i år. Han har tidlegare vunne Uprisen, Fabelprisen og Kultur- og kyrkjedepartementet sin litteratur for barne- og ungdomslitteratur for den førre boka i serien.

– Nei, er du sprø? Dette kom som lyn frå klar himmel, var svaret på om Lars Mæhle forventa å vinna prisen.

– Det er sjølvsagt stor stas. Prisen samlar to ting eg likar veldig godt – nynorsk og barnelitteratur. Det er to gode ting på ein gong, seier vinnaren til Framtida.no

– Kvifor er det viktig for deg å ta unge lesarar på alvor?

– Eg prøver å skriva på barn sine premiss, og vil setja meg inn i deira situasjon og på deira nivå, og ikkje skriva over hovudet på dei. Det er sagt at menneskjer består at årringar, og at ein må få kontakt med dei tidlegare årringane for å skriva for unge. Eg prøver på det, og har kanskje litt barnleg gemytt, seier Mæhle.

Eit spørsmål står på leppene til tilhengjarane av serien. Når kjem neste bok om «Landet under isen?»

– Det veit eg ikkje. Det er ikkje eit prosjekt eg held på med akkurat no. Men det er opningar for det i framtida, svarar Mæhle.

LES OGSÅ: – Likar å lura og finta lesarane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE