For fyrste gong har ein amerikansk høgsterettsdommar uttala at sjimpansar er dekt av prinsippet om at ingen person kan haldast fanga utan lov og dom.

mm

Dyreverngruppa Nonhuman Rights Project har gått til sak for å fri to sjimpansar som vert brukt til forsking ved Stony Brook University, dyrehageapen Tommy og ein sjimpanse i privat eige – fordi dei meiner desse vert holdt fanga ulovleg og burde setjast fri.

Dyrevernarane tapte for Stony Brook University for to år sidan, men anka og får no medhald av ein høgsterettsdommar i ei høyring, melder The Verge.

Høgsterettsdommar Barbara Jaffe meiner sjimpansane vert dekt av det juridiske prinsippet om at einkvar person som vert fengsla eller frårøva sin fridom har rett til å få saka si behandla i ein domstol. Prinsippet vert kalla habeas corpus.

Intelligensnivået vart nytta som argument for å gje sjimpansane det som er ein grunnleggjande menneskerett.

Saka mellom dyrevernarane og Stony Brook University skal behandlast endeleg i retten 6. mai, og det er framleis ikkje sikkert om domstolen kjem fram til ei endeleg avgjerd om at sjimpansane kan definerast som personar i det amerikanske rettssystemet.   

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE