– Retorikken til kommunane ber preg av at dei berre er interesserte i tilflytting av kvinner på grunn av livmora deira, meiner forskarar. 

Marius Myklebust, Møre-Nytt
Marius Myklebust, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Marte Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud i Møreforsking Volda har studert kvinneunderskotet i Møre og Romsdal, og funne fleire problem i rekrutteringsarbeidet i kommunane.

– Omgrep som «jenteflukt» eller «kvinneflukt» har vorte brukt om kvinneunderskotet. Det vi ser, er at kvinneunderskotet ikkje oppstår på grunn av at kvinnene flyttar ut, men fordi det er så mange fleire menn enn kvinner som flyttar inn. Det har vi særleg sett med den store arbeidsinnvandringa dei siste åra, men flyttemønstera eksisterte før også, seier Grimsrud til Møre-Nytt.

Forskarane meiner den sterke innflyttinga burde vorte sett på som positivt av politikarane.

– I staden for å gripe moglegheitene som ligg i tilflytting til bygdene, er dei opptekne av å finne ut kva som er «feil» med kvinner, sidan dei i mindre grad enn menn busett seg i distrikta, skriv dei i ein kronikk publisert av NRK Ytring.

LES OGSÅ: Kvinnene rømmer frå distrikta

«Gode oppvekstvilkår»
Tiltaka kommunane gjennomfører for å betre kjønnsbalansen, er prega av at kvinnene blir brukt som eit middel for å oppnå målet om ein betre kjønnsbalanse, ifølgje forskarane.

– Tilflyttingskampanjane handlar ofte om at folk skal flytte heim fordi det er gode oppvekstvilkår eller at på bygda er det tid til å vere mor. Dei underbygger gjerne eit tradisjonelt familiemønster. Samtidig snakkar kommunane om å trekkje til seg høgt utdanna kvinner, og dei er som regel ikkje ute etter å jobbe mindre, seier Grimsrud.

– Noko av det same ser vi når kommunane er ute etter høgt utdanna kvinner, men legg til at dei bør vere i alderen 20 til 39 år, altså i fruktbar alder. Om det var kompetansen til kvinnene dei var ute etter, kvifor har då alderen deira noko å seie, spør Giskeødegård retorisk.

– Sett på spissen, så verkar det som at kommunane er mest interesserte i kvinner på grunn av livmora deira. Det er iallfall eit motsetningsforhold mellom likestillingspolitikken og distriktspolitikken, meiner dei to.

Sjølv om næringsstrukturen i fylket, med mykje industri og særleg maritim industri, er ei av årsakene til kvinneunderskotet, vil ikkje forskarane legge «skulda» på næringslivet.

– Vi vil ikkje bli oppfatta som å vere negative til næringslivet og den maritime industrien. Det er den som har skapt grunnlaget for befolkningsveksten i fylket. Vi bør heller ha fokus på dei positive konsekvensane av dette og på korleis vi skal gjere arbeidsplassane meir attraktive for kvinner, seier Giskeødegård.

LES OGSÅ: Her er kvinnene i fleirtal

Må tenke nytt
I rapporten, som er utarbeidd på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune, har Giskeødegård og Grimsrud særleg studert kommunane Ålesund, Sykkylven og Halsa, i tillegg til fylket sett under eitt.

Sjølv om Møre og Romsdal har eit kvinneunderskot, er det store variasjonar mellom kommunane.

– I kommunar med mange offentlege arbeidsplassar, som til dømes Volda og Molde, er situasjonen ein annan. I nokre kommunar er det til og med fleire kvinner enn menn.

Dei to forskarane meiner mange kommunar må tenke nytt i rekrutteringspolitikken sin.

– For det første må dei finne ut om eit kvinneunderskot er eit problem, og kvifor det er det. Når det gjeld tiltak, må dei ikkje «satse på kvinner» som middel for å bøte på noko anna, men for kvinnene sin eigen del. Kvifor er kommunen attraktiv for unge og høgt utdanna folk? Korleis skal vi gjere oss meir attraktive?

Det er likevel viktig å hugse at kommunane ikkje er like, og at det ikkje er slik at det som fungerer for ein kommune, fungerer for alle.

– Det er nok eit problem at ein del av dei statlege tilskotsordningane til slikt arbeid har ei rekkje med krav som søkjarane må følgje. Då blir det gjerne slik at kommunane jobbar likt, og mange av opplegga vi har sett på er påfallande like, seier Giskeødegård og Grimsrud.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE