Kåra til Årets lokalavis

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hallingdølen er kåra til Årets lokalavis. Tildelinga fann stad under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Trondheim laurdag kveld.

Hallingdølen kjem ut tre dagar i veka og dekkjer primært Hol, Gol, Ål, Hemsedal, Nes og Flå kommunar. Juryen uttalar mellom anna:

«Årets lokalavis 2014 er ei avis med stor sjølvtillit, nærleik til lesarane sine og høg kvalitet i alle sjangrar. Avisa er ikkje redd for å utfordre makta i lokalmiljøet, og tør å sparka hardt i mange retningar. Avisa framstår også som eit raust førebilete for mange andre i LLA-familien.»

LES OGSÅ: Avisa «Nynorsk» er størst

Juryen delte ut hederleg omtale til Fjuken og Svalbardposten.

Same kveld fekk Hallingdølen LLAs hederspris og Kvinnheringen prisen for Årets lokalavisside. Tidlegare under landsmøtet blei følgande prisar delt ut:

LLAs journalistpris til Vilde Hjertholm Lunde og Per Egil Larsen i Sunnhordland, Årets lokalavisfoto til Kristian Westgård i Eidsvoll Ullensaker Blad og marknadsprisen til Kvinnheringen.

LES OGSÅ: Fylte heile avisa med notisar

Roar Vigeland Osmundsen i Søgne og Songdalen Budstikke er vald til ny styreleiar i LLA. Osmundsen har med seg i styret Tomas Bruvik i Kvinnheringen (nestleiar), Hilde Eika Nesje i Bø Blad, Asta Brimi i Fjuken, Edd Meby i Våganavisa, Hilde Dypaune i Saltenposten, Holger Austvoll i Strandbuen og Camilla Skaar i Hordaland Folkeblad (fast møtande vara).

Over 250 avismedarbeidarar og bransjefolk fra store delar av landet har vore samla i Trondheim. Landsmøtet blei opna av statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag (H) i Kulturdepartementet. Borgundvaag deltok i politisk debatt med stortingspolitikarane Terje Breivik (Venstre) og Arild Grande (Ap).