Fylte avisa med berre notisar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Notisen er sagt å vera det aller viktigaste i ei avis. Kort, lettlesen og helst velformulert. I notisen finn du dei små og artige nyhenda, og det er den vesle rakkaren som blir flittigast lesen. Kvinnheringen er ikkje alltid god nok på notisfronten – det gjer vi noko med i dagens avis. Kos deg med 210 notisar!

Det var notisen lesarane av Kvinnheringen fekk på framsida av lokalavisa si i dag, onsdag.

Ideen dukka opp rundt lunsjbordet til Kvinnheringen. Ikkje fordi dei hadde så mange notisar på lager, snarare tvert imot.

– Det går igjen på stort sett alle avisevalueringar eg har vore med på, at vi er for dårlege på å skriva notisar. Difor fann me ut at me skulle gjera eit stunt, så me kunne ha godt samvit i ein dag, i det minste, seier redaktør Tomas Bruvik, ifølgje Idebanken til LLA.

Litt arbeid var det å fylla ei heil avis med notisar. Dei har brukt ein god del faktanotisar som kunne skrivast på førehand, men avisa er også fylt med aktuelle nyhende i notisform. Mykje av stoffet kunne vore presentert som større saker, men denne dagen skulle alt vera kort og godt.