mm

 – Kan det hende at romantikken påverkar politikken, og omvendt: Kan det hende at politikken påverkar romantikken? Kan det hende at politikk eigentleg er veldig, veldig romantisk? Dette er store spørsmål som får ganske tøysete svar i framsyninga, seier Are Kalvø.

Det er Det Norske Teatret som har fått dei to rappkjefta humoristane til å samarbeide. Kalvø har stått for teksten, Bjørnov for musikken. Men Bjørnov innrømmer at ho ikkje har klart heilt å la vere å blande seg inn i manus og nok har flytta på nokre element her og der.

LES OGSÅ: Fleire unge på Det Norske Teatret

Kronprinsbryllaup
Det Norske Teatrets sjef Erik Ulfsby presenterte torsdag repertoaret for hausten, og «Halve kongeriket. Norsk politikk – the musikal» er første premiere ut på hovudscena. Teppet går opp 4. september, og på scena kjem publikum til å møte ei rekke kjente personar frå norsk politikk og kongehus. Stortingets konstitusjons- og kontrollkomité og Riksrevisjonen er også representerte.

– Musikalen handlar om norsk politikk og alt norsk politikk kan føre med seg. Han handlar om vår tid, om dei siste 20 åra av norsk historie. Sentralt i handlinga er den store augustdagen i 2001 då Haakon og Mette-Marit gifta seg, denne sensasjonelt romantiske dagen då til og med SV-veljarane med grått hår i hestehale og fast jobb i det offentlege gråt openlyst, seier Kalvø.

Spørsmålet er kva dagar som denne augustdagen i 2001 gjer med oss og med samfunn.

– Kan det hende at samfunnet vårt hadde sett heilt annleis ut dersom noko anna hadde skjedd denne dagen? spør Kalvø.

Det er første gong han og Bjørnov samarbeider på denne måten, og dei forsikrar begge to at det har vore ein morosam prosess. Regissør Marit Moum Aune skal setje det heile i scene. Urpremieren er 4. september.

LES OGSÅ: Soning for open scene

Framtidsfabel
Ein av dei mest profilerte skodespelarane ved nynorskteateret, Ane Dahl Torp, skal i haust fylle hovudscena med ein monolog basert på Øyvind Rimbereids diktverk «Solaris korrigert». Handlinga går føre seg i 2480, i ei tid der det vert snakka eit samansett hybridspråk.

– Vi gler oss stort til å presentere denne unike fabelen i norsk litteratur, seier teatersjef Ulfsby.

Det er Det Norske Teatrets husregissør Peer Perez Øian som skal setje i scene, medan Dahl Torps ektemann Sjur Miljeteig står for musikken. Ekteparet har hatt stor suksess med Arne Garborgs «Haugtussa», ei framsyning som blir vidareført i haustsesongen.

På plakaten i haust står også «Kven er redd?» av Carl Frode Tiller. Stykket handlar om ein middels god skodespelar som får si største oppgåve så langt i karrieren – rolla som George i «Kven er redd for Virginia Wolf». Frode Winther har hovudrolla, medan Lasse Kolsrud regisserer. Stykket vert vist på Scene 2 og har urpremiere i november.

LES OGSÅ: Med «Brand» i hovudet 24 timar i døgnet

Meir Beckett
Første premiere i haustsesongen blir Samuel Becketts «Krapps siste spole», der Bjørn Sundquist endå ein gong samarbeider med Jan Grønli. Sundquist debuterte som regissør i 2013 med «Mens vi ventar på Godot». Også då stod Grønli på scena.

– Det er eit nitrist, stussleg og intenst rom vi skal inn i. Vi gler oss begge to, seier regissør Sundquist.

Det Norske kan til hausten også blant anna by på «Elva som deler byen» basert på tekstar av Oskar Braaten, noregspremiere på den russiske tragikomedien «Fulle folk» med eit uvanleg stort ensemble på scena og eit dansk stykke om alzheimer – «Eg heiter Bente».

Dessutan set teateret opp igjen Maria Parrs «Tonje Glimmerdal» på hovudscena. Denne gongen med ferske Kjersti Dalseide i tittelrolla. Dalseide kjem til Det Norske Teatret frå teaterhøgskulen. Nypremieren blir i november. (©NPK)

LES OGSÅ: Ti minutt med Are Kalvø

Kommentarar

ANNONSE