Med «Brand» i hovudet 24 timar i døgnet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med «Brand» i hovudet

– I natt kom eg ikkje lenger enn midtvegs i den første monologen. Han berre hang fast til eg stod opp, seier Tindberg når NTB møter han nokre dagar før premiera på Det Norske Teatret.

LES OGSÅ: Spelar Dostojevskij på dialekt

Nytt samarbeid
Endå ein gong samarbeider suksessduoen Svein Tindberg og regissør Kjetil Bang-Hansen.

90.000 såg det førre samarbeidsprosjektet deira – «Abrahams barn», einmannsframsyninga om dei store verdsreligionane. Tidlegare har samarbeidet blant anna resultert i «Evangeliet etter Markus» og «Apostelgjerningane».

Når dei to igjen jobbar saman handlar det framleis om gudstru, ei tru så sterk at ho vippar over i fanatisme. Presten Brand krev «inkje eller alt» av seg sjølv og sine nærmaste. Han ofrar alt i den tru at det er for ei større sak.

– I dag ser vi at folk reiser ut for å delta i religionskrigar. Det skremmer oss. Då må vi stille oss spørsmålet kva det er som får desse menneska til å reise, seier Bang-Hansen, som meiner at problema som vert reiste i «Brand» er evig aktuelle.

LES OGSÅ: Frå «Vaffelhjarte» til vikingar

Mjukt val
– Grunnen til at «Brand» vert spelt igjen og igjen er at stoffet er så mykje større enn oss. Det er så mange vegar å gå, seier Tindberg

61-åringen er ikkje noko opplagt val som den kraftfulle Brand.

– Vi tenkjer jo ikkje på Svein som ein Brand-skikkelse. Tvert imot, han er mjuk og har ei eiga evne til kjensler. Brand vert gjerne framstilt på teateret som absolutt urokkeleg, og det er rett. Men det er jo ei anna side som heile tida vibrerer i Brand-skikkelsen, og som det er veldig fint å ha Svein til å gjere. Nettopp derfor er dette eit klokt og spennande rolleval, seier Bang-Hansen.

– Det er så mange som har ei klar oppfatning av Brand og snakkar om resultata av handlingane hans. Vi prøvar å leite etter lengslene hans. Det er ein interessant veg å gå, seier Tindberg.

LES OGSÅ: «Fugletribunalet» blir teater

Toler mykje
Brand er ei rolle mange store skodespelarar har spelt før han, og som mange har eit forhold til. Få som såg Bjørn Sundquist tolke Brand på Nationaltheatret i 1990, gløymer det. Sidan har blant andre kjente namn som Sverre Anker Ousdal og Sven Nordin levandegjort Brand. Er Tindberg redd for å bli samanlikna med andre Brand-tolkarar?

– Eg møter stadig folk som seier at du skulle sett han eller han i den rolla, men i alle klassiske roller må du kvitte deg med spøkelsa. Dessutan går det ikkje så lang tid før du vert slukt av dette stoffet, og då er bileta av dei andre borte. Også har eg jo Kjetil då, seier Tindberg.

Dei to har jobba saman i mange år, og seier at dei er flinke til å få det beste ut av kvarandre.

– Vi toler mykje av kvarandre. Vi treng ikkje å forklare så mykje før den andre forstår. Og vi er like oppofrande overfor teater, seier Tindberg.

Dei to kan sitte i timevis å snakke om detaljar og spikke på ein replikk.

– Vi har ei genuin respekt for kvarandre som er grenseoverskridande utan at det blir store konfrontasjonar av det, seier Bang-Hansen.

LES OGSÅ: Ektepar fanga av Hamlet

Sceneteppe
Med seg på scena på Det Norske Teatret har dei fått blant andre Agnes Kittelsen, som Brands kone Agnes, og Mads Ousdal som den gamle skulekameraten Einar.

Kjetil Bang-Hansen har som vanleg med seg John-Kristian Alsaker som scenograf, og ein snikkik på prøvene viser at Alsaker har henta inspirasjon til scenografien frå Jan Groths kjente sceneteppe som vart innvigd på Det Norske Teatret i 1986.

Det store, svarte sceneteppet viser to broderte linjer som møter kvarandre som i ei utstrekt Y, og Alsaker har effektfullt flytta dei same linjene inn i dekorasjonane på scena. Alsaker karakteriserer Groth som ein Brand-figur som urokkeleg stod ved ideen sin.

«Brand» vert spelt på Det Norske Teatret mellom 9. januar og 18. februar.

LES OGSÅ: Sogn og Fjordane teater set opp terrorstykke

Faktaboks

Henrik Ibsen skreiv «Brand» i Italia i 1865.

Stykket er skrive som eit dramatisk dikt i fem akter.

Har premiere på Det Norske Teatret fredag 9. januar.

På scena: Svein Tindberg, Mads Ousdal, Agnes Kittelsen, Marie Blokhus, Per Schaanning, Paul Ottar Haga, Britt Langlie, Jon Bleiklie Devik, Ingunn Beate Øyen, Jon Bleiklie Devik, Iren Reppen, Svein Roger Karlsen, Espen Løvås, Øyvin Berven, Morten Svartveit, Grethe Ryen, Hilde Olausson.

Regissør Kjetil Bang-Hansen.

Omsett av Edvard Hoem. (©NPK)