Fleire unge på Det Norske Teatret

Trass eit vellukka jubileumsår fekk Det Norske Teatret i fjor eit lite underskot. Men nynorskteatret i hovudstaden klarar seg likevel godt.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsrekneskapen for 2013 viser eit årsresultat etter skatt på minus 339.000 kroner, mot 2,5 millionar kroner i overskot i 2012.

– Grunnen til at resultatet i fjor var lågare, kjem mellom anna av at vi trass svært godt besøk hadde ein nedgang i billettinntektene, seier direktør Astrid Driva Rødsand til Nynorsk pressekontor.

Ungt publikum
Ho fortel at mange av dei nesten 20.000 publikummarane som besøkte musikalen Shockheaded Peter, var ungdommar som betalte ungdomsbillett.

– Det er svært gledeleg at vi når ungdommane, men det gjev også lågare billettinntekter, seier ho.

Utsetjing av premieren på familieframsyninga Tonje Glimmerdal og mange barnebillettar, bidrog også til lågare billettinntekter.

– I tillegg hadde vi mange produksjonar ute på turné der billettinntektene gjekk til Riksteatret, seier ho.

Lågare renteinntekter på eit kapiltaltilskotslån teatret har fått frå Kulturdepartementet verka i same lei.

Direktøren minner også om at teatret i samband med jubileumsdagen 6. oktober i fjor delte ut rundt 5.000 gratisbillettar.

– Solid økonomi
Trass lågare billettinntekter er direktøren likevel godt nøgd med at teatret har greidd å halda kostnadene nede.

– Det er difor inga grunn til uro, seier ho.

Årsmeldinga viser at Det Norske Teatret har ein eigenkapital på 24,99 millionar kroner.

Det samla besøkstalet ved Det Norske Teatret var i fjor 219.249. Det er tiande gongen at publikumstala kom over 200.000. Dei mest populære framsyningane på Hovudscenen var maratonframsyninga Bibelen, musikalen Shockheaded Peter og familieframsyninga Tonje Glimmerdal.

Også styreleiar Nina Refseth ser lyst på framtida.

– Økonomien er solid, og målet vårt vidare er å nå ut til eit endå større publikum også utanfor Oslo, seier ho i ei pressemelding.

Vil meir på turne
Går det som Det Norske Teatret ønskjer, skal også folk i andre deler av landet – og i utlandet – få oppleva kva teatret har å by på.

– Vi har søkt om pengar til å reisa meir på turné i inn- og utland, seier Rødsand. Søknadssummen er på 21,7 millionar kroner over ein periode på fire år.

Målet er å nå lenger ut med gode produksjonar som teatret legg ned store kostnader i og mykje arbeid med. Om teatret får pengar blir først klart i statsbudsjettet i oktober. Dersom svaret er positivt, satsar teatret på å koma i gang med turnéverksemda i 2016. (©NPK)

LES SISTE OM TEATER!