10 år til topps

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Møre-Nytt

– Den første X2-konkurransen var ein suksess med strålande solskinn og stort oppmøte av deltakarar, seier festivalsjef Eirik Vaage.

I år har festivalen utvida frå éin til 17 aktivitetar. Randoneekonkurransen har i dag namnet XTind, og etter fleire år pause vert det igjen arrangert X1. Dette er ein mindre krevjande versjon av XTind og noko som absolutt alle kan vere med på. Eli Anne Bakkene Løksa frå Valdres er i år greinansvarleg for den utfordrande, men morosame konkurransen.

LES OGSÅ: Manglar eigen festivalpolitikk

Lågterskelkonkurranse
XTind hadde i fjor status som NM i randonee og har ofte vore ein del av Norgescupen. I år har verken XTind eller X1 den statusen. Dette trur arrangøren kan vere eit pluss.

– XTind har dei siste åra tiltrekt seg fleire av Norges beste randoneeløparar, noko som er kjempebra og viktig. Det er vi veldig glade for. Vi ønsker i år å gje eit tilbod til dei som ønsker ein litt mindre krevjande versjon av konkurransen, nemleg X1. Vi ønsker at konkurransen skal verte ein folkefest slik det heile starta og at lokalbefolkning, studentar og andre som liker å gå på tur i fjellet deltek, fortel ein engasjert greinleder, Eli Anne Løksa.

Helt til topps
I år vil både X1, XTind og XFree (frikøyringskonkurranse) ha same basecamp og konkurransedag, nemleg laurdag 18. april i Trollbotn ved Bondalseidet skisenter.

– Deltakarane som er med på XTind skal stige opp på to fjell. X1-deltakarane skal stige opp på berre eitt av fjella, seier Løksa.

Toppane som deltakarane skal gå på er Veirahaldet (1206 moh.) og Blåtiden (1217 moh.). For X1 er det Veirahaldet som gjeld.

– Vi kan også røpe at det ligg ein premiepott på 350 euro 1.-plass til både kvinner og herrar. 

X2 Festivalen håper at mange lokale vil ta ei utfordring og melde seg på.

Jubileumsfeiring
Feiringa av 10-årsjubileet til X2 starta torsdag, og den første konkurransen, som var Xwave på Flø, er gjennomført. Grunna vêret har festivalen flytta nokre konkurransar grunna tryggleiken. Fredag ettermiddag er det klart Xskate i den nye skateparken i Volda, og det er den første konkurransen som arrangert i skateparken med både junior- og seniorklasser.

LES OGSÅ: Aktiv på festival