Unge mellom 17 og 24 år auka sparinga i bank med 46 prosent i perioden 2008-2013. Det får BSU æra for.

mm

I fjor unge si bustadsparing i BSU-kontoar med fem milliardar kroner, samanlikna med 2013. Samla innskot utgjer no oppunder 40 milliardar kroner årleg, ifølgje tal frå SSB.

LES OGSÅ: Seks av ti unge får hjelp til sin første bustad

Gunstige renter
 Sjølv om den vaksne generasjonen framleis har mest pengar i banken, er auken størst blant dei yngre.

– Me trur denne sparetrenda blant dei unge vil halde fram, seier Jan Erik Fåne, kommunikasjonsdirektør i Finans Norge i ei pressemelding. 

Fåne peikar på at skattefordelen og dei gode rentevilkåra i BSU-kontoar er ekstra mykje verdt i tider med låge renter. Mange banker har dessutan etablert parallelle spareordningar med tilsvarande, høge renter, men utan skattefrådraget.  

– Stigande bustadprisar i kombinasjon med eit krav om minst 15 prosent eigenkapital gjer det naudsynt å spare meir for å få fullfinansiert bustadkjøpet, understrekar Fåne.

LES OGSÅ: Personleg økonomi på timeplanen

Strengare krav og utvida BSU
Finans Norge peikar på utvidinga av BSU-ordninga i 2009 og strengare krav til bustadlån som forklaring på auken.

Frå 2010 til 2011 auka Finanstilsynet minimumskravet til eigenkapital ved bustadkjøp frå ti til 15 prosent.

Frå 1. januar 2014 vart taket på årlege innskot i BSU-konto auka frå 20.000 til 25.000. Ein sum som i tillegg til god rente vil gje eit skattelette på 5000 kroner i innskotsåret. 

Makssummen for kva ein kan spare på BSU-kontoen vart òg auka frå 150.000 til 200.000 kroner.

– Det har vore mykje mediemerksemd rundt dette, og bankane har følgt opp retningslinjene på ein lojal måte. Konsekvensen er at dei unge no forstår at sparing til bustadkjøp ikkje berre er smart, men òg heilt naudsynt, avsluttar Fåne.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE