Å vise hjarterom

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om me er eit lite land, er Arbeiderpartiet og AUF organisasjonar som forstår at me må ta ansvar internasjonalt.

Når vårt mål er ein verden der alle menneskjer lever i velferd, fri for fattigdom og undertrykking, må me vise hjarterom utover landegrensene våre. Me må vise hjarterom for den mest utsette gruppa i verda: flyktningane. Flyktningar som treng oss og som treng ein trygg plass å vere. På verdsbasis lev over 51 millionar menneskjer som flyktningar. Berre det siste året har 6 millionar fleire menneskjer blitt nøydd til å flykte frå heimen sin. Me må gjere alt me kan for å ivareta dei menneska som er på flukt frå konflikt, humanitære krisar, klimaendringar og forfølging.

LES OGSÅ: KrFU vil ta imot 5000 ekstra flyktningar

På landsmøtet til Arbeidarpartiet i helga skal AUF kjempe for å dra asyl- og innvandringspolitikken i ein meir solidarisk og human retning. Me står overfor ein situasjon der ei av verdas verste humanitære krisar utspinner seg i Syria. Krigen i Syria er den største flyktningkatastrofen sidan andre verdskrig. I 2014 gav me litt over 500 millionar kroner i nødhjelp til Syria og nabolanda. Med 11 millionar syrarar på flukt og 5 millionar med akutt behov for nødhjelp, er dette 32 kroner per flyktning, eller 9 øre per flyktning per dag. Det er ingenting. Me kan og me skal gjere meir.

AUF vil at Noreg skal ta i mot ein tilleggskvote på 5000 flyktningar frå Syria. Det handlar om vårt moralske rekneskap. Vårt moralske rekneskap kan berre salderast med solidaritet og hjarterom, ikkje med nokre kroner til kortsiktig nødhjelp. Me må sjølv vere den forandringa me ønskjer å sjå i verda. Om eit land som bruker 46 milliardar kroner på julefeiringa ikkje har råd til å ta i mot nokre tusen menneske frå etterkrigstidas største flyktningkatastrofe, så er me eit ganske fattig folk. Same kor rike me er i kroner og øre.

LES OGSÅ: Geir Lippestad: Opprørt over Syria-nei

Eg håpar landsmøtet til Arbeiderpartiet går inn for forslaget til AUF. I møte med urettferdigheit er egoisme aldri ei løysning. Dette handlar om den moralske rekneskapen vår. Me har før vist hjarterom når krisa har vore der. Me gjorde det då me tok i mot 8000 flyktningar frå Vietnam. Me gjorde det då me tok i mot 11 000 flyktningar under Balkankrigane. No er det opp til oss å ta det same ansvaret. For eit rikt land som Noreg er ikkje spørsmålet om me kan. For eit stort land som Noreg handlar det ikkje om at me ikkje har plass. Spørsmålet er om me vil.

Mari K. Kjellesvik, leiar i Hordaland AUF

LES OGSÅ: Noreg gir 750 millionar til Syria-offer